Aslag Haugen og resten av Hellbillies avsluttar julebordsesongen på Storefjell Resort denne helga. (Arkivfoto)
Aslag Haugen og resten av Hellbillies avsluttar julebordsesongen på Storefjell Resort denne helga. (Arkivfoto)

Set punktum med dobbel Hellbillies

Kjende artistar har gitt fulle hus på Storefjell Resort dei siste helgane. I kveld avsluttar Hellbillies julebordsesongen med to konsertar på like mange dagar.

– Det er første gong me har konsert med det same bandet to kveldar på rad, fortel hotellsjef Lars Nibstad.

Han forventar ei knallavslutning på sesongen med Hellbillies på scena både fredag og laurdag denne helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir enn berre julebord

Også namn som Staut, Vassendgutane og Plumbo har gjort sitt til at dei har hatt nesten fullbooka hotell dei siste helgane.

– Det må skje noko meir enn at det berre er julebord. Konkurransen frå andre aktørar er stor, så konsertane må vere med artistar som folk har høyrt om, fortel Nibstad.

Hellbillies er eit band som verkeleg dreg folk til fjells. Gjestene er lokale bedrifter og firma frå både Aust- og Vestlandet. I tillegg til julebordsgjestene er det sett opp bussar frå Ål, Gol og Nes for hallingar som vil på konsert.

Nokre firma har booka rom for heile helga for å få med seg begge konsertane, fortel Lars Nibstad. (Arkivfoto)
Nokre firma har booka rom for heile helga for å få med seg begge konsertane, fortel Lars Nibstad. (Arkivfoto)
Lars Nibstad (Arkivfoto)
Lars Nibstad (Arkivfoto)
Egil Stemkens, Aslag Haugen og resten av Hellbillies byr på både gamalt og nytt låtmateriale. (Arkivfoto)
Egil Stemkens, Aslag Haugen og resten av Hellbillies byr på både gamalt og nytt låtmateriale. (Arkivfoto)

– I år er det mange lokale som har hatt kortreist julebord med overnatting. Det er moro, seier Nibstad

Tre år på rad

Aslag Haugen og resten av bandet er på veg til fjells i det Hallingdølen ringer.

– Dette er tredje året på rad me spelar på Storefjell. Blir spennande å sjå om me kan fylle hallen begge dagane, seier vokalist Haugen.

Han har merka seg at fleire hotell byr på julebord med ein kombinasjon av god mat og konsertopplevingar.

– Det ser ut som at det er veldig populært. Det er vel ein grunn til at Storefjell satsar på å booke oss to kveldar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konsertane fredag og laurdag blir ei blanding av gammalt og nytt låtmateriale.

– Me skal spela nokre låtar frå den nye plata, men me kjem innom songar frå dei fleste platene våre, fortel Haugen.