Ole Jørgen Liodden tek med seg fotografar til eksotiske stader, i hovudsak Svalbard. (alle
Ole Jørgen Liodden tek med seg fotografar til eksotiske stader, i hovudsak Svalbard. (alle

Satsar på Svalbard

Verdas nordlegaste fotogalleri ligg i Longyearbyen på Svalbard og blir drive av den hallingætta fotografen Ole Jørgen Liodden.

Saman med kollega Roy Mangersnes har han stifta verksemda «Wild Photo Travel», som arrangerer villmarksekspedisjonar for fotografar og naturinteresserte.

– Mesteparten av verksemda vår skjer på og rundt Svalbard, og difor har me ordna oss med eit forretningslokale som samtidig er fotogalleri. Ein person er fast tilsett. Alt i alt omfattar verksemda vår tre personar i to og eit halvt årsverk, seier Liodden som er styreleiar i selskapet. Galleriet opna i slutten av mars i år. Det ligg like ved SAS-hotellet i Longyearbyen, og er lett tilgjengeleg. I tillegg driv dei sal av foto- og datarelatert utstyr, utleige av kamera og sal av fritidsklede.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Aktiviteten hittil lovar godt framfor årets turistsesong, seier Liodden.

Med båt

Både han og Mangersnes er høgt premierte naturfotografar i internasjonal samanheng. Difor har dei ikkje noko problem med å fylle eit galleri med oppsiktsvekkjande blinkskot, mange av desse er heidra med internasjonale prisar. Nye bilete kjem stadig til.

– Me arrangerer turar til Afrika, Galapagos og Antarktis, men sytti prosent av verksemda vår skjer på Svalbard, fortel Liodden. Turane er opne for tolv deltakarar som reiser rundt på ein liten båt og fotograferer natur og dyreliv, isbjørn inkludert.

Ole Jørgen Liodden har alt gitt ut ei bok om Svalbard. Til neste år kjem ei ny praktbok.
Ole Jørgen Liodden har alt gitt ut ei bok om Svalbard. Til neste år kjem ei ny praktbok.
Galleri Wild Photo Travel opna i slutten av mars i år, med mange interesserte.
Galleri Wild Photo Travel opna i slutten av mars i år, med mange interesserte.
Deltakarane på ein av Ole Jørgen Liodden sine turar får nærkontakt med isbjørn.
Deltakarane på ein av Ole Jørgen Liodden sine turar får nærkontakt med isbjørn.
Kim Friele var ei av dei fyrste opne homoseksuelle i Norge. Ho har fronta homokampen i meir enn 50 år. Bård Nylund er leiar i Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.
Kim Friele var ei av dei fyrste opne homoseksuelle i Norge. Ho har fronta homokampen i meir enn 50 år. Bård Nylund er leiar i Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.

Spesialsydd

Slike turar samlar interesserte frå heile verda. På ein av turane er samtlege deltakarar russiske. Indarar, malaysiarar og andre asiatar er også innslag på turane.

– Me veit av erfaring kvar me skal reise for å finne gode motiv. Difor blir det biletmessige utbytet stort for deltakarane, og berre dei siste åra har seks til åtte av deltakarane våre vunne ettertrakta prisar for sine bilete frå turane, seier Liodden.

I år ventar tre turar til Svalbard, deretter ein tur til Kamtsjatka, og i november ein heilt spesiell tur til Antarktis.

– Som den eine av to operatørar har me fått innvilga ein ekspedisjon som er spesialsydd for fotografar, undervannsfoto inkludert, seier Liodden.

Miljøomsyn

All slik ferdsel er nøye regulert og kontrollert av dei som forvaltar dei sårbare områda i Arktis og Antarktis.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det viktigaste for oss er å ferdast slik at det ikkje blir spor etter oss, seier Liodden.

Men saka har også ei annan side, seier han.

– Dersom ingen reiser til desse områda for å vidareformidle inntrykka, vil interessa gå tapt. Fleire av våre tidlegare deltakarar har i ettertid blitt varme talsmenn for forsvarleg ferdsel og berekraftig turisme i nord- og sørområda.

Ny bok

Ole Jørgen Liodden har gitt ut fleire praktbøker, bl.a. om Valdres, Hallingdal og bøker om fotografering. Han har også gitt ut ei biletbok om Svalbard.

– Neste år kjem det ei ny bok, ei praktbok med heilt ferskt materiale frå Svalbard.

– Så du legg ikkje bort kamera sjølv om du no er blitt ekspedisjonsleiar for andre?

– Å nei, kamera går varmt, rett som det er, seier Ole Jørgen Liodden.