Darling West med ålingen Tor Egil Kreken (. t.v.), kona hans Mari Kreken og Kjetil Steensnæs skuffa ingen i Sundrehall Torsdag kveld.
Darling West med ålingen Tor Egil Kreken (. t.v.), kona hans Mari Kreken og Kjetil Steensnæs skuffa ingen i Sundrehall Torsdag kveld.

Høgdepunkta i kø for Darling West

Darling West reiser Norge rundt med musikken. I mars reiser bandet til USA. Laurdag kan dei få Spellemannpris.

Men det er ein torsdagskveld på Sundrehall i Ål sentrum som kan bli ståande att som årets konserthøgdepunkt.

Iallfall var ikkje trioen med ålingen Tor Egil Kreken, kona hans Mari Kreken og Kjetil Steensnæs i tvil etter konserten på Sundreball.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er høgdepunktet så langt. Utan tvil, seier Kreken.

Lange applausar

Ein fornøgd trio selde og signerte plater etter konserten.

Dei fekk godord med seg på vegen vidare. Og det med rette. I overkant av ein time spelte dei låtar frå det spellemannominerte albumet «Vinyl and a Heartache» og eldre låtar. Dei kunne spelt lenger. For responsen frå publikum var stor, og Kreken måtte medgi at dei nok ikkje er vane med så lange applausar. Dette var også bandets første konsert på Sundreball. Truleg ikkje den siste, viss arrangørane vil.

Darling West med ålingen Tor Egil Kreken (. t.v.), kona hans Mari Kreken og Kjetil Steensnæs skuffa ingen i Sundrehall Torsdag kveld.
Darling West med ålingen Tor Egil Kreken (. t.v.), kona hans Mari Kreken og Kjetil Steensnæs skuffa ingen i Sundrehall Torsdag kveld.

– Ein utruleg flott festival. Dei er rå til å få til ting, seier Kreken om arrangørane.

Amerikareise

Darling West går spennande tider i møte.

Etter at albumet «Vinyl and a Heartache» kom ut i slutten av august, har dei reist Norge rundt med musikken. Til Ål kom dei frå Ørsta før dei skulle vidare til Porsgrunn. I neste veke ventar spelejobbar i Nord-Norge. I mars ventar USA.

– Der blir me i fem veker. Me skal spele på festivalen South By Southwest i Austin i Texas. I februar blir også plata slept i USA, seier Kreken, vel vitande om at marknaden er knallhard samstundes som den også gir store moglegheiter.

Country er rotfesta i USA.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Elles håpar me å knytte nokre kontaktar og kanskje få til noko radiospeling, seier Kreken om amerikareisa.

– Korleis har responsen vore på plata?

– Plata har gått veldig bra. Me har mellom anna vorte plukka opp på Spotify, og plutseleg var me streama to millionar gongar.

Forventningar

Laurdag er bandet på plass i Oslo og Sentrum Scene der Spellemannprisen blir delt ut.

Når kvelden er omme, kan Darling West vere kåra til årets spellemann i countryklassen. Trioen er nominert saman med Claudia Scott, Paal Flaata og Signe Marie Rustad.

– Det blir grådig spennande. Og det er utruleg artig å vere nominert, seier Kreken, og ser fram til ein spennande kveld også sett med hallingauge.

Stein Torleif Bjella er nominert i tre kategoriar i tillegg til lokale namn som Tom Cato Visnes frå Gol i metalbandet Abbath og folkemusikar Erlend Apneseth som er busett i Ål. Om eigne sjansar seier Kreken:

– Det er 25 prosent sjanse for å vinne. Me gler oss. Det er uansett stor stas.