Dagleg leiar Ulf-Arne Johannessen i Folkemusikkveka.
Dagleg leiar Ulf-Arne Johannessen i Folkemusikkveka.

Folkemusikkfestival selde meir

Folkemusikkveka selde fleire billettar enn i fjor, sjølv om besøkstalet vart utfordra av kjølig maivêr.

– Me har hatt ei svak auke i billettsalet samanlikna med i fjor, rett i underkant av 2300 billettar, seier Ulf-Arne Johannessen.

Den daglege leiaren i Folkemusikkveka er nøgd når han summerer opp årets arrangement, som gjekk frå 23. til 31. mai. Besøkstalet vart likevel lågare enn det kunne ha vore, hadde vêrgudane spelt på lag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Laurdag føremiddag hadde me tre grader og sludd, og det var så kaldt at det ikkje var nok å setje opp telt i gågata – me måtte flytte laustevlinga inn på Sundrehall. 2000 var i gågata i fjor. I år var rundt 300 innom på Sundrehall. Men det var tettpakka og god stemning, så det løyste seg fint, seier Johannessen.

Fullsett Odd Nordstoga, fullsett Stein Torleif Bjella, god stemning på hotellet på kveldstid. Festivalsjefen rosar både artistar og publikum.

– Når artistane leverer og publikum kosar seg, kan ein ikkje vere anna enn nøgd med det. Me satsar vidare til neste år. Då er det 40-årsjubileum.

Stein Torleif Bjella trekte fullt hus under Folkemusikkveka. Det bidrog til eit godt billettsal generelt.
Stein Torleif Bjella trekte fullt hus under Folkemusikkveka. Det bidrog til eit godt billettsal generelt.