Perkusjonist, pedagog og progmusikar Arild Nyborg.

Mest kjent frå forestillinga Stomp - no er han ute med progressive takter

Musikken på plata er jo til tider veldig smal. Her spelar me taktskifteprog med tuba i spissen. Taktskifte og hyppige skifte av tema gir variasjon i lyttinga.

Det fortel perkusjonisten Arild Nyborg, opprinneleg frå Gol, der han også spelte i ulike band. Eitt av banda han no er med i, SOT, har nyleg gjeve ut LP-plata «Monster Master».

For å halde den allmenne forvirringa i sjakk; albumet er også tilgjengeleg elektronisk. Men med utgjeving på vinyl er den også attraktiv for dei verkeleg entusiastiske.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Progressivt frå Nyborg

Progrock

Bandet SOT handlar om progrock av den hardare sorten. Ei rask lytting på «Monster Master» stadfestar dette. Dei har halde på sidan 1992 og Nyborg vore med dei siste åra. Dei to andre er Lars Andreas haug og Skjalg Reithaug.

Albumet som no er ute har ein svært symbolsk tittel. Eit like symbolsk og, ganske kult plateomslag, hjelper til å styre tankane i lyttinga over mot balansen i naturen.

Ttttelkuttet «Monster Master» tek deg, naturleg nok, med ut i naturen. Det gjer også låta «Mann med yacht», men blir naturen bakgrunn for den menneskelege dårskapen som pregar det «gode liv».

Bandet SOT tek utgangspunkt i naturen med plata "Monster Master".

Stomp

Arild Nyborg er i Hallingdølen kjent som medlem i det internasjonale rytmeensemblet Stomp. I nesten eit tiår var han med og turnerte i heile Europa. Han har hovudfag som jazztrommeslagar frå Rytmisk musikkonservatorium i Århus i Danmark.

Les også
Stomp-Arild til OL

No er han aktiv i ei lang rekke band. 26. november slepper han CD-en Selmas Hus med bandet An. Kara. - Det er ein fin liten folkemusikktrio med Sebastian Gruchot på fele, Audun Ramo på bass og meg på perkusjon.

– Eg spelar også med Karnatish som består av Camilla Haug, Lars Andreas Haug, Håvar Bendiksen og Sebastian Gruchot. Vi har fått med Amith Nadig frå Bangalore i India, på fløyte.

Arild Nyborg (t.h) og bandet SOT med Lars Andreas Haug og Skjalg Reithaug

Karnatisch spellte i Bergen i august, ved opninga av ein miljøkonferanse. Det er planlagt fleire konsertar med bandet. Deriblant ein turné i India

Han spelar også i BAG, ein jazzkvartett som består av Lars Andreas Haug, Sebastian Gruchot, Audun Ramo. Dei planlegg ei utgjeving tidleg neste år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ut over dette så underviser eg på vidaregåande i Grimstad og på kulturskulen i Arendal der eg bur, fortel Arild Nyborg.

Les også
Bjella stod fram som ein crooner i raud silkedress
Les også
100-åring slår på stortromma: – Me har henta fram mange smakebitar frå nyttårskonsertane og fram til i dag
Les også
Nye tonar frå nord: – Som eit brev til nokon ein saknar