Slik såg det ut då Arild Nyborg var på turné med Stomp i Köln i 2007. Alt har rytme, og med kroppen som det viktigaste instrumentet blir Stomp til ei blanding av gymnastikk, kunst og musikk.
Slik såg det ut då Arild Nyborg var på turné med Stomp i Köln i 2007. Alt har rytme, og med kroppen som det viktigaste instrumentet blir Stomp til ei blanding av gymnastikk, kunst og musikk.

Stomp-Arild til OL

London tek imot den olympiske elden 27. juli. Seksten dagar seinare skal Arild Nyborg vere med å blåse han ut.

Han er ikkje nokon festbrems av den grunn. Tvert om. Det er performacegruppa Stomp som skal til pers. Den utflytte golingen har vore del av kompaniet sidan 2003. No står gruppa på programmet når dei olympiske sommarleikene skal ha sin avslutningsseremoni i London 12. august. Tusenvis av publikummarar og millionar av TV-sjåarar verda over får sjå musikk-atletane sveve i lufta, spele på oljefat og søppel. Stomp skal setje punktum finale.

Må spikre på 10 dagar

– Det er knallhardt og heilt sjukt. Me skal mæle laus på søppel – på direkten!

Artikkelen held fram under annonsen.

Arild Nyborg vedgår at showa tek på kroppen. Han har vore litt inn og ut av Stomp dei siste åra, men då spørsmålet kom om OL, var det vanskeleg å si nei. For ikkje lenge sidan var han i Spania for å øve inn nytt materiale. Kort oppsummert er det «vannvittig vanskeleg», seier han. 2. august startar oppkøyringa til avslutninga med ti dagars bootcamp i London. Då skal dei spesialdesigne fire minutt med reinspikka galskap.

«Purple face»

Stomp har eit enormt fysisk uttrykk. Det er dans, teater, musikk og akrobatikk sett saman i ein krevjande koreografi som like gjerne skjer fleire meter opp i lufta som nede på golvet. Rytmikk er grunnelementet. Det meste kan duge som instrument. Som trommeslagar er leik med rytme ein del av kvardagen for Arild, men det fysiske er ein prøvelse.

– Dei kallar meg berre «Purple face», for eg blir visst lilla i fjeset.

Arild Nyborg er busett på Sørlandet og spelar med dei fleste som kan røre og gå. Sjølv daudt skrot får liv i hendene til den utflytte golingen.
Arild Nyborg er busett på Sørlandet og spelar med dei fleste som kan røre og gå. Sjølv daudt skrot får liv i hendene til den utflytte golingen.
Sjølv har han sett på seremoniane rundt ulike OL med eit halvt auge. No må han halde seg vaken, for 12. august skal han saman med Stomp delta i fire minutt under avslutningsseremonien til London-OL.
Sjølv har han sett på seremoniane rundt ulike OL med eit halvt auge. No må han halde seg vaken, for 12. august skal han saman med Stomp delta i fire minutt under avslutningsseremonien til London-OL.

Erketypisk

Før stafettpinnen går vidare til Rio de Janeiro, vil London vise noko som er erketypisk for Storbritannia. Stomp har nemleg sitt utspring frå gatemiljøet i småbyen Brighton. Rytmisk leik med det ein kunne finne var basisen, slik det også er det for Stomp. Konseptet har halde på i 20 år i år. Det er faste oppsetjingar i London på niande året. I New York har dei «stompa» laus i 15. Arild har vore med på Stomp-turné til fleire verdsdelar før han slo seg ned som lærar og musikar på Sørlandet.

– No er eg berre med på «Old boys-teamet», seier han. Det er ikkje sikkert det blir Stomp som faktisk skal blåse ut den olympiske elden når leikene er slutt. Når dei trår til verket på den nye olympiaparken på Stratford i Aust-London, kan me likevel vere rimeleg trygge på at dei vil prøve å blåse ut eitt og anna.