Tommy Haugen i Hallingdal Ungdomsråd.
Tommy Haugen i Hallingdal Ungdomsråd.

Ekstra skummelt

Det har skjedd ting på Torpomoen som ikkje let seg forklare. Kan ungdom på Skummelt oppdrag løyse gåtene?

Når Hallingdal Ungdomsråd i haust inviterer til Skummelt oppdrag for tredje gong, blir det ekstra uhygge.

2. og 3. november kan ungdom frå åttande klasse til og med vidaregåande prøve å løyse det mystiske oppdraget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plottet er frå andre verdskrig på Torpomoen, og tittelen er Forfulgt.

Spontanteater

Ungdom blir sendt ut i løypa i grupper, der dei opplever ting og får oppgåver.

– Tidlegare har deltakarane gått rundt og høyrt på ting som vart fortald, men i år må dei tenkje meir sjølve, fortel Tommy Haugen i Hallingdal Ungdomsråd.

Hallingdal Ungdomsråd gjentek suksessen med Skummelt oppdrag. (Arkivfoto)
Hallingdal Ungdomsråd gjentek suksessen med Skummelt oppdrag. (Arkivfoto)

Ei arbeidsgruppe i ungdomsrådet har laga historia. Eller spontanteateret, som Haugen kallar det.

For, med og av ungdom

– Opplegget er ferdig planlagt. No står det att å finne skodespelarane. Dei fleste figurane blir spelt av ungdom, men ifølgje Haugen skal dei også utfordre blant andre ordførarar til å ta ei rolle.

Ungdomsrådet har fått god respons dei to fører åra, og har vakse seg mykje større enn tilsvarande prosjekt i svenske Årjäng som hadde ideen. No har dei igjen litt kopiert av blant andre Krimveka i Kongsberg.

Den fyrste året fekk ungdomsrådet hjelp frå Hallingdal teaterverkstad, men i år lagar dei alt sjølve.

– Det er artig å syne at me kan få det til, tykkjer Haugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Større oppdrag

Skummelt oppdrag har vakse seg stort. Mens grensa gjekk på 100 deltakarar i fjor, utvidar ein i år til to kveldar og til saman 200 deltakarar.

Prosjektet får støtte frå Bulystmidlane.

Det har skjedd ting på Torpomoen som folk ikkje heilt har klart å forklare. Årets skumle oppdrag er med andre ord ikkje for pyser.