Tre nye bekrefta smittetilfelle i Hol

Hol er hardt råka av koronaviruset. Tysdag ettermiddag kan kommuneoverlege Geir Strømmen melde at talet på smitta er oppe i 26.

I tillegg vart det sundag kjent at to frå Hol er innlagt ved Ringerike sjukehus.

Det er no i alt 50 personar som er smitta av koronaviruset i Hallingdal:

Flå: 0

Nesbyen: 13

Gol: 3

Hemsedal: 4

Ål: 4

Hol: 26