Mange trugsmål mot skular

Både skular, firma og enkeltpersonar har teke imot trugsmål via ulike nettstader dei siste dagane. Politiet har vurdert trugsmåla og skriv i ei melding at dei anbefaler alle å halde oppe normal drift og aktivitet.

Litt seinare presiserer politiet at dei vil vera synlege ved aktuelle stader, og at dei fortset etterforskinga i samarbeid med KRIPOS og PST.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me får inn meldingar heile tida, seier leiar for forebyggande seksjon i politiet Geir Oustorp i Drammen.

Politiet har ikkje endra syn etter dei mange trugsmåla, og oppmodar alle til å halde normalt aktivitet.