Ivar Brynildsen sluttar i avisa Valdres

Ivar Brynildsen sluttar som ansvarleg redaktør og dagleg leiar i avisa Valdres og Valdres Media AS.

Ansvarleg redaktør og dagleg leiar Ivar Brynildsen (60) gir seg i avisa Valdres neste sommar. Arbeidet med å rekruttere ny leiar startar no.

Brynildsen vart tilsett som toppleiar i Valdres Media AS i 2011, og var før det blant anna i Lokalavisene Oslo, Fredriksstad Blad og Østlandets Blad. I juli neste år fyller han 62 år. Det meiner han er eit godt tidspunkt å gi seg på.

– Når eg gir meg har eg vore ti år i Valdres Media. Eg har leia avishuset i ei krevjande tid med store krav til omstilling i heile bransjen. Det har vore ein krevjande, givande og morosam jobb som eg vil sjå tilbake på med glede. Men det er ei tid for alt. Å vere redaktør i ei lokalavis er meir enn ein jobb, det er ein livsstil, seier Brynildsen i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var Tun Media som eigde selskapet då Brynildsen tiltredde. I 2012 vart Valdres Media AS selt til Gudbrandsdølen Dagningen AS. Dermed er avisa ein del av eit lite mediekonsern i Innlandet.

Administrerande direktør i Gudbrandsdølen Dagningen AS og styreleiar i Valdres Media, Tom Martin Kj. Hartviksen, respekterer at Brynildsen vil gi seg etter snart ti år i sjefsstolen.

– Ivar har gjort ein kjempejobb for avisa Valdres. Han er ein utegåande redaktør som kastar seg rundt enten det er små eller store saker som skal rapporterast. Dei siste åra har han bidratt til å løfte avisa over i det digitale, og eg forstår derfor at han synest dette er eit fornuftig tidspunkt å overlate stafettpinnen til nokon andre på, seier Hartviksen.