Har fått beskjed om nytt smittetilfelle

I Nore og Uvdal har det vore ein stille haust med tanke på koronasmitte. Kommunen står berre registrert med eitt tilfelle.

Tysdag sende kommunen ut pressemelding om at dei har fått eitt til. Det dreier seg om ein person som er folkeregistrert i Nore og Uvdal, og som har testa positivt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen opplyser at vedkommande ikkje har opphalde seg i Nore og Uvdal den siste tida, og dermed heller ikkje vore i kontakt med nokon lokale innbyggarar.

Les også
Ny person i Gol er bekrefta koronasmitta: – Ikkje senk skuldrene
Les også
Tre smittetilfelle i Hallingdal i helga: - Det går føre seg omfattande testing