Åtvarar om falsk korona-SMS

Folkehelseinstituttet (FHI) åtvarar om falsk SMS.

Ifølge instituttet har personar fått meldingar frå FHI med beskjed om at dei kan ha koronavirus og bør kontakte lege.

– Dette er ein falsk SMS. FHI brukar per no ikkje SMS i førespurnader til folk der dei blir bedne om å kontakte helsetenesta, skriv FHI på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den falske meldinga skal lyde som følgjer: «Viktig informasjon til alle reisande siste månad. Du kan vere utsett for coronaviruset, hald deg isolert og ta kontakt med legevakta så fort som mogleg» skriv VG.