Hallgeir Mythe, ny sjef i Gjensidige Hallingdal

Klar for nye utfordringar

Hallgeir Mythe frå Hemsedal blir ny sjef i Gjensidige Hallingdal.

Mythe kjem frå stillinga som forretningsutviklar i Sparebank 1 Hallingdal og Valdres:

– Eg var klar for nye utfordringar og denne stillinga dukka opp. Gjensidige Hallingdal er eit veldrive selskap med dyktige folk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva gler du deg mest til?

– Å ta Gjensidige Hallingdal vidare. Det blir ei spennande tid med nye moglegheiter og utfordringar.

Fleire søkarar

Styreleiar Jan Arne Øen fortel at det var fleire kvalifiserte søkarar:

Les også
Held fram som dagleg leiar

— Me fekk ni søkarar frå Bergen, Oslo, Valdres og Hallingdal. Fem av dei var kvalifiserte og vart kalla inn til intervju. Etter intervjurundane fal valet på Mythe. Me er glad han takka ja, og me ser fram til han begynner i stillinga 1. september, seier han.

To rundar

Gjensidige Hallingdal er forsikringsselskap med hovudadresse Gol.

Les også
Humøret gjekk rett til vers

Selskapet lyste ut etter ny dagleg leiar hausten 2018, men det førde ikkje til nokon tilsetting. På nyåret 2019 vart det klart at Håkon Myro held fram som dagleg leiar eitt år til.

Myro har lang fartstid i bransjen, og i Gjensidige Hallingdal. Han vart tilsett som dagleg leiar i 2012, då etter 25 år i ulike stillingar i selskapet sin grein i Hallingdal.

Frå hausten av heiter den nye sjefen Hallgeir Mythe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Trimtur utløyste robot-gåve
Les også
GjeV Vy busskontrakt verdt 48 millionar