Vy fekk kontrakt for busstenester i Hemsedal og Hallingdal.

Gjev Vy busskontrakt verdt 48 millionar

Brakar har gitt kontrakt for busstenester i Hemsedal og Hallingdal til Vy Buss AS, skriv dei i ein pressemelding.

Kontrakten trer i kraft neste år og gjeld til 2028 og kan forlengast. Oppdraget utgjer 900.000 rutekilometer og er verdt om lag 48 millionar årleg.

Området er i dag delt opp i tre kontraktar, men Brakar valte å slå saman heile området for å få større konkurranse. Alle dei tre kontraktane køyrast i dag av Vy buss. Det nye området omfattar alle kommunane i Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Vil teste ut bildeling i Hallingdal

Av dei 34 bussane i kontrakten, vil ti vere elektriske bussar medan 24 vil køyrast på biodrivstoff.

– Bussane i den nye kontrakten vil gjere at Brakar får reduserte utslepp på køyringa i Hallingdal, heiter det i pressemeldinga.

Dei elektriske bussane skal ladast på depot.

– Me er glade og letta over tildelinga. Hallingdal og Hemsedal er viktig for Vy Buss, og me gleder oss til å forbetre ny kontrakt, skriv Heidi Renolen, regiondirektør i Vy Buss i ein SMS.

Les også
Dårleg butikk for Vy fyrste tertial