Gjer det tryggare for eldre
Hallingdalskommunane er med når eit nytt velferdsteknologisk prøveprosjekt blir sett i gang.
Prosjektet inneber at 30–40 personar i Hallingdal i løpet av hausten får installert teknologiske løysingar i heimen.
Sentrale i gjennomføringa er Hallingdal Kraftnett og teknologiselskapet iGlobal Tracking AS (IGT) med tilhald på Torpomoen som leverandør av systemet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Teknologi
Dermed har det gått som Hallingdal Kraftnett og IGT håpa på.
– Me var tøffe og gjekk hardt ut. Men me har klart det, seier ein fornøgd adm. direktør i Hallingdal Kraftnett, Audun Grynning.
Eit nasjonalt velferdsteknologiprogram rår kommunane til å prioritere teknologi som skaper tryggleik. Det kan vere GPS for demente, bruk av elektroniske dørlåsar og digitale medisin-dispensarar. Og det er nettopp dette som er kjernen i det lokale prøveprosjektet i Hallingdal. Teknologien som skal installerast hjå utvalde brukarar i Hallingdal handlar om digitalt tilsyn som skal erstatte mykje av det fysiske tilsynet, lokaliseringsteknologi (GPS) og elektroniske medisindispensarar. Prosjektet skal gå fram til sommaren 2018.
Storsatsing
Med dette tek Hallingdal for alvor eit steg framover.
For det skal satsast stort på velferdsteknologi i Norge. Målet med auka bruk av slik teknologisk assistanse er mellom anna at eldre vil kunne bu heime lenger og auka tryggleik. Og der helsepersonell i dag må på nattbesøk for å sjekke om alt er i orden, kan ein med dei nye løysingane følge med på ein skjerm på eit kontor.
– Kvifor er Hallingdal Kraftnett med på dette? Skal ikkje selskapet «berre» transportere straum?
– Det er ein del av rolla vår som samfunnsaktør å vere med å få i gang aktivitet og næringsutvikling. I framtida skal ikkje Hallingdal Kraftnett selje denne tenesta. Det er noko me har gjort no for å komme i gang, seier Grynning.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nye arbeidsplassar
Kraftnettsjefen meiner satsinga på velferdsteknologi i samarbeid med hallingdalskommunane og IGT kan bli «ei fantastisk god historie for Hallingdal».
– IGT har eit unikt konsept. Me meiner dette er konkurransedyktig nasjonalt og internasjonalt. Her er det store moglegheiter. IGT har tilsett tre personar siste halvåret og me i Hallingdal Kraftnett har trua på systemet. Me er inne i fleire nasjonale anbod, og håpar å nå fram der, opplyser Grynning.