Digital lås kan vere løysinga for alle om nær framtid, men særleg innan utvikling av heimetenestene i norske kommunar vil dette bli ein døropnar både for å sleppe å kome til stengde dører og sikre kven som får kome inn.
Digital lås kan vere løysinga for alle om nær framtid, men særleg innan utvikling av heimetenestene i norske kommunar vil dette bli ein døropnar både for å sleppe å kome til stengde dører og sikre kven som får kome inn.

Tryggare liv i smartare hus

For pleietrengjande vil framtida om kort tid kunne bli digital.

Sjå for deg at du kan styre alt frå dørlås til varme, lys og straumforbruk frå ein app. Først er tanken skremmande, men når ein går litt djupare inn i materien, er det både rasjonelt og uunngåeleg.

Blir du med på ein introduksjon til vår nære teknologi-framtid? Alt i 2017 kan den nye tida vere her.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me håpar å i alle fall vere i gang med ein pilot. Går det som me håpar, har me ein kommune på kundelista, seier Audun Grynning, adm.dir. i Hallingdal Kraftnett AS.

Eit hav av mogelegheiter

Han står i andre etasje på Torpomoen der det er opna ei demonstasjons-leilegheit. Alt er i utgangspunktet likt andre leilegheiter, med unntak av digital dørlås, kamera- og sensorar i alle rom, følarar på fukt, temperatur, vindauge og dører.

Dei som «bur» der kan ha ein fallsensor på seg som sender ein alarm til ein alarmsentral dersom noko uventa skulle skje.

Tor Jo Meyer (f.v.) , Audun Grynning og Jan Olav Helle Trillhus, her frå demonstrasjonsleilegeita på Torpomoen, er tre sentrale personar i til rettelegginga i Hallingdal, enten ein kallar det smarthusteknologi, velferdsteknologi eller livskvalitetsteknologi.
Tor Jo Meyer (f.v.) , Audun Grynning og Jan Olav Helle Trillhus, her frå demonstrasjonsleilegeita på Torpomoen, er tre sentrale personar i til rettelegginga i Hallingdal, enten ein kallar det smarthusteknologi, velferdsteknologi eller livskvalitetsteknologi.
Dersom ein sensor oppdatar at ein person har ramla, vil ein alarm kunne gå frå sentralen til den helsepersonen som er nærast, som via mobilen også vil få tilgang til å låse seg inn i aktuell bopel.
Dersom ein sensor oppdatar at ein person har ramla, vil ein alarm kunne gå frå sentralen til den helsepersonen som er nærast, som via mobilen også vil få tilgang til å låse seg inn i aktuell bopel.
Med eit kamera med tovegs høgtalar og sensor som registrerer bevegelse kan kvart eit rom bli trygt.
Med eit kamera med tovegs høgtalar og sensor som registrerer bevegelse kan kvart eit rom bli trygt.
I prinsippet kan ein overvake alt, heilt ned til lys og lydnivå på radio og kanalval på TV på kvart enkelt rom og ein kan skreddarsy tenester for den enkelte.
I prinsippet kan ein overvake alt, heilt ned til lys og lydnivå på radio og kanalval på TV på kvart enkelt rom og ein kan skreddarsy tenester for den enkelte.
Det fleste hus kan bli smarte berre ved å samkøyre sensorane via ein slik «modem-liknande» dings. Nøkkelen ligg i å ha eit system som kan lese alle data og kommunisere med dei nødvendige systema.
Det fleste hus kan bli smarte berre ved å samkøyre sensorane via ein slik «modem-liknande» dings. Nøkkelen ligg i å ha eit system som kan lese alle data og kommunisere med dei nødvendige systema.

– Det finst eit vell av sensorar av alle slag, seier Tor Jo Meyer entusiastisk. Han er dagleg leiar i iGlobal Tracking AS (IGT), eit lokalt teknologiselskap med globale ambisjonar. Han viser til at me alt omgir oss med ulike følarar som måler og bereknar i liva våre.

– Det nye er at me set desse i eitt og same system, seier han.

Frå vogge til grav

Framtidige husbyggarar vil truleg ha mange av ingrediensane skissert over i sine hus. Dei vil kunne styre lys og temperatur frå ein mobilapp. Dei vil kunne låse opp døra for svigermor, sjølv om dei ikkje sjølve er heime. Bil og hus og hytte vil bli gradvis teknologifisert.

Folk i fagfeltet ser får seg ei gradvis utvikling, der ein legg til tenester etter kva livsfase ein er i. Ein kan plukke frå ei liste ifrå ulike abonnement.

I teorien kan ein få alt frå «baby-watch» til bestilling av gravferdsbil i eitt og same system. Vogge til grav får ei ny tyding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brå overgang for eldre

Overgangen blir større for dei eldre og godt vaksne. Dei har ikkje det same forholdet til teknologiske dupedingsar. Kjensla av framandgjering er gjerne meir påtrengjande om slikt blir introdusert i ein sårbar fase. Dessutan: om ein kan velje, vil ein ha det slik det var før. Problemet er at det ikkje er eit alternativ.

– Velferdsteknologi er eit misvisande ord. Ein burde kalle det livskvalitetsteknologi, seier Meyer og listar opp.

n Eldre vil kunne bu heime lenger

n Dei kan sleppe å bli vekte av sjekkrundar frå helsepersonell om natta

n Dei kan føle seg trygge

n Pårørande kan bli meir involvert

Pressar seg fram

I 2040 vil delen av personar i yrkesaktiv alder i Norge vere redusert frå dagens 61,6 prosent til 57,7, mens talet på dei over 67 vil auke frå dagens 14 prosent til 20,2. Det betyr at det vil vere langt færre folk til å ta seg av langt fleire eldre.

Framskrivingar for Hallingdal fortel om endå større endringar. I dag er 6 av 10 hallingar yrkesaktive. Om 25 år er det berre 5,4. Talet på eldre vil skyte i vêret. I dag utgjer pensjonistane (67 år eller meir) 17,8 prosent. I 2040 er talet 25,9, seier SSB sitt mest nøytrale framskrivingsalternativ. Av eit folketal på 22.400 i 2040 vil 5790 mest truleg vere ferdig med yrkeslivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir det same som om innbyggjarane i Hallingdal skulle ta seg av alle dagens nesningar og hemsedøler.

– Dersom me skal halde fram med helsetenester etter dagens nivå må 60 prosent av Norges befolkning arbeide innan helse, seier Meyer.

Hallingdal leier an

Eldrebølga råkar heile landet, og distrikta endå hardare.

Hallingdal Kraftnett har innsett at dei kan ha ein nøkkelrolle i å løyse både personlege og samfunnsmessige utfordringar. Gjennom sitt eigarskap i Nettalliansen AS har det lokale kraftselskapet vore med å forhandle fram ein avtale med Deutsche Telekom om levering av Europas leiande smarthus-plattform til den norske marknaden. iGlobaltracking skal utvikle og integrere løysingane.

– Det betyr nye jobbar til regionen, seier Meyer som om kort tid skal lyse ut etter folk. Det same gjer kraftselskapet, gjennom det nyoppretta teknologiselskapet Bruse AS.

Frå heim til skjerm

Samstundes vil kommunane få frigjort arbeidskraft. Når ein kan overvake 30 bebuarar til kostnaden og tidsbruken av eitt nattbesøk, seier reknestykke seg sjølv. Falske utrykkingsalarmar kan bli eliminert.

Dei menneskelege ressursane kan bli sett inn der det er behov.

– Men det er naturleg å vere skeptisk til å la all denne teknologien styre?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, men me jobbar heile tida med å sikre stabile og robuste system. Det handlar om å sikre at signala går sjølv om delar av systemet sviktar, seier Meyer.

– Men ein må akseptere overvaking?

– Eg vil si me på enkelte område vil overvake mindre enn dagens ordning, seier Jon Olav Helle Trillhus, som har ansvar for smarthus, velferds- og kommunikasjonsteknologi i Hallingdal Kraftnett.

– Eit nattbesøk for så sjekke om alt er ok betyr at ein må fysisk låse seg inn og sjå om vedkommande har det bra. Her ser ein det på ein skjerm, seier han.

– Me trur dette kan gi meir tid til dei pasientane som treng det, og bidra til at folk kan bli buande heime lenger, seier Tor Jo Meyer.

Kan bli teknologipioner

Nettalliansen er eigd av 47 små og mellomstore kraftselskap. Til saman har dei kring 150 kommunar som eigarar og 268.000 husstandar i sitt nedslagsfelt.

Audun Grynning trur Hallingdal kan vere av dei første som testar ut bruken, kanskje alt i løpet av siste halvdel av 2017.

– Eg håpar kommunane vil vere kundar, seier Grynning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir i så fall kort veg frå ord til handling. Samtalane mellom iGlobaltracking og kraftselskapet starta først i 2015.

– Me tente på ideen og konseptet seier Grynning som har tatt det med vidare til Nettalliansen. Og dermed var også den tyske mobilgiganten med. I 2017 kan teknologi-lokomotivet kome til ein stasjon nær deg.