Bli med på elvesnorkling
Me hoppa i elva Hemsila og kom på bølgelengde med auren.
HO SLYNGER SEG MELLOM hytter og hotell, under alpinbakkar og forbi butikkar. Ho er ein del av dagleglivet, litervis med vatn som konstant renn forbi. Men kva skjuler seg under overflata i Hemsila?
– Me får garantert sjå aure, seier Rune Abrahamsen i Hemsedal Fjellsport.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han er guiden vår og har akkurat kledd oss i 14 millimeter med neopren. Våtdraktene sit som limt på kroppen. Flytevest, dykkarmaske og snorkel har me også fått. Som pingvinar på land vaggar me nedover ned til elva.
EG TRUDDE eg hadde vore overalt i Hemsedal. På dei høgaste toppane, i dei brattaste bakkane, på afterski, på hyttetur, på sykkeltur. Men det som ventar no er ei heilt ny oppleving.
– Dette er den andre turen vår i elva på ei veke, smiler Caroline Methi-Svensson.
Saman med faren Charles Svensson er ho alt ein erfaren elvesnorklar. No er dei klare for ein ny tur ut i straumen.
– Det var ei veldig artig oppleving. Så kvifor ikkje gjere det ein gong til, seier faren.
Dei har leilegheit i skisenteret og er i Hemsedal fleire veker kvart år, også om sommaren.
ME SIG NED i ein liten kulp. Det iskalde vatnet trenger inn i våtdrakta. Kroppen kjempar i mot.
– Det er kaldt ei lita stund, før det blir varmt att, forsikrar guiden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hemsila held 11 grader denne dagen. Etter nokre minutt med tilvenning er me klare.
– Sist var det masse fisk rett her under fossen, seier Abrahamsen og peiker mot kvite brusande skumtoppar.
DET BULDRAR RUNDT i øyra i det første, vesle stryket. Ein etter ein dukkar me ned med hovudet, og det tek ikkje lang tid før me får auge på nokre små aurar som sym roleg mot botnen. Sikta er overraskande god. Vatnet er glasklart. Det er moro å oppleve elvas kraft frå fiskens perspektiv.
Safarien startar ved brua nedanfor skisenteret og endar opp ved Skogstad bru i sentrum. På vegen møter du på mange små utfordringar. Nokre stader er det så grunt at du må reise deg opp og gå.
– Når det har vore lite regn, blir vasstanden ganske låg, forklarar Rune Abrahamsen.
{{imageLeft}}{{imageLeft}}
ANDRE STADER er straumen så sterk at du ikkje har noko anna val enn å la vatnet føre deg av stad.
– Hald hendene fram! Slik! Då kan de ta dykk for om det kjem ein stein imot, instruerer guiden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er aldri skummelt, berre spennande, når du møter på eit lite stryk og blir spytta ut på den andre sida. Våtdrakta hjelper oss med å flyte godt i vatnet, i tillegg gjev ho bra isolasjon og polstring. Flytevesten i signalfarger er lett synleg og vernar mot slag og skarp stein.
Brått blir elva djupare. Silhuettar av små og mellomstore aurar seglar forbi på alle kantar.
MED EITT skimtar eg ein større skugge heilt nede mot botnen og jublar inn i snorkelen. Når eg tittar opp, skjønar eg at dei andre også har sett han.
– Godt over ein kilo, trur svenske Lars Lind.
Det er ei magisk verd. Snakk om å vera i eitt med naturen! Grøne og brune algar duvar opp og ned i straumen. Over hovuda våre passerer kvite campingvogner i sakte film. Etter nesten to timar i elva nærmar me oss slutten.
– Kven tør hoppe frå brua? undrar guiden.
Me tek sats og seier farvel til auren med eit skikkeleg plask.
{{imageLeft}}{{imageLeft}}