Skibussane til SkiGeilo fraktar mange ski- og brettkøyrarar kvar dag i påskeferien. No prøver dei også med ei kveldsrute for dei som vil ta kollektivt til restaurant.

Testar marknaden med nytt busstilbod: – Det langsiktige målet er ein landsbybuss

SkiGeilo set inn ei ekstra bussrute i påsketravle Geilo sentrum.

I påskedagane, som ikkje akkurat er ei stille veke, testar dei med ei ny ettermiddags- og kveldsrute.

– Me har stor tru på å utvikle busstilbodet. No ser me om dette er noko me kan få til å fungere, seier dagleg leiar i SkiGeilo, Kevin Eikrehagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå og til restaurant

SkiGeilo har tre skibussar som går i skyttel mellom alpinanlegga kvar einaste dag. Dette er også eit gratis kollektivtilbod som blir nytta av alle, anten det er skituristar eller folk som skal på butikken for å handle.

Men i påskeferien prøver dei altså med ei kveldsrute.

– Me håpar det blir eit fint tilskot. Målet er at folk som vil ut på restaurant kan hoppe på og kome seg heim igjen med ein føreseieleg rutetabell. Ruta har stopp ved 13 restaurantar og serveringstilbod.

Les også
Alpinanlegg går saman: – Skal marknadsførast som SkiGeilo

Landsbybuss?

I fjor brukte SkiGeilo 3,5 millionar kroner på skibussane og Kikutbussen. Trafikktala var også høge.

– På det meste frakta dei 400-500 ut frå hotella på dei store dagane. Med installerte GPS-ar i bussane, ser me at 65.000 personar følgde bussane og bytta side i alpinanlegget i fjorårssesongen. Totalt kan det ha vore så mange som 140.000 turar i fjor, meiner Eikrehagen.

Eikrehagen seier dei ikkje har rekna på ekstrakostnadene med den nye ruta i påska.

– Men no tek me eit initiativ og ser om det fungerer.

På sikt håpar Eikrehagen resten av næringslivet vil vere med på å utvide kollektivtilbodet i og rundt Geilo sentrum. Det vil også få ned biltrafikken, noko som er eit tilbakevendande tema.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det langsiktige målet er at me får på plass ein landsbybuss.