Alpin-Geilo blir samla under same paraply når SkiGeilo og Slaatta Skisenter no har signert ein samarbeidsavtale. Marknadsføringa skal skje under namnet SkiGeilo frå neste sesong.

Alpinanlegg går saman: – Skal marknadsførast som SkiGeilo

SkiGeilo og Slaatta Skisenter har signert ei historisk avtale. Frå neste sesong blir heile alpinproduktet på Geilo marknadsført under same paraply.

Avtala vart signert fredag, og partane meiner samarbeidet vil legge grunnlaget for å skape ny reiselivshistorie.

– Dette vil bety mykje for satsinga til SkiGeilo for framtida. Slaatta er eit tradisjonsrikt område i alpinbygda Geilos historie og passar godt med barne- og familiesatsinga til SkiGeilo, seier styreleiar Arne Pålgardhaugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nytt merkevarenamn

Tradisjonsrike Slaatta Skisenter og SkiGeilo har drive kvar sine alpinanlegg side om side i ei årrekkje. Men for å styrke alpinturismen utvidar selskapa samarbeidet med mål om å marknadsføre Geilo som eitt alpinprodukt.

– Merkevarenamnet blir SkiGeilo, opplyser partane.

Slaatta Skisenter er ein klassikar på Geilo.

Pålgardhaugen seier det har vore løpande samtaler om samarbeidet sidan desember. Avtala betyr ikkje at skisentera blir slått saman, eigarskapen vil vere som før.

– Det viktigaste er at me er samde om at Geilo skal marknadsførast under namnet SkiGeilo og vere ein del av SkiGeilo, seier Pålgardhaugen.

Det betyr at Slaatta blir eitt av baseområda i SkiGeilo på linje med Vestlia, Kikut og Havsdalen. Slaatta skal vidareføre skiskulen og skiutleiga med base på Slaatta og marknadsføre seg i egne kanalar. Skiskulen vil drive undervisning i heile alpinanlegget.

Anlegga utvidar i tillegg samarbeidet om drift frå og med sesongen 2024/2025.

– Ikkje minst ser me fram til å samarbeide tettare med våre kollegaer, som ber med seg kompetanse og engasjement for gjesten og gjesteopplevinga, seier Pålgardhaugen.

Internasjonal vekst

Partane meiner samarbeidsavtala mellom Slaatta og SkiGeilo må sjåast både i eit lokalt perspektiv, men også i ein internasjonal samanheng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reiseliv er eit satsingsområde nasjonalt, og i SkiGeilo er det stor tru på at alpinturisme vil auke stort i åra som kjem. Søsterselskapet SkiGeilo Utvikling planlegg ei stor utbygging kalla SkiGeilo Lodge - The Slope i Vestlia.

Styreleiar Arne Pålgardhaugen i SkiGeilo.

Her skal det byggast leilegheiter tilrettelagt for alpinturistar, særleg frå utlandet. Eit samla Alpin-Geilo vil stå endå sterkare i kampen om turistane.

– Den alpine turismen vil vere ein spydspiss. Det er her me kan hente størst volum. Avtala me no har signert, har stor betydning.

– At de no samarbeider med felles marknadsføring i SkiGeilo, gjer at de står sterkare internasjonalt?

– Utvilsamt. Derfor var det viktig å rydde litt opp i dette. Med to skisenter har det vore dobbel marknadsføring som har skapt litt uklarheiter. Skal me nå fram, må me ha ein god struktur for å vere i posisjon til å møte den internasjonale satsinga.