Finn Arne Sundbrei er dagleg leiar i Sundbrei transport, er bedrift med kring 30 tilsette i Ål. I helga fekk dei ein trist beskjed - dei har mista ein ung arbeidskollega, som var ein av dei fire som vart funnen døde på ei adresse på Torpo.

Sjefen til Sander: – Han var alltid i godt humør. Ein som aldri såg problem, berre utfordringar

Sander Slaatten, som mista livet på Torpo blir beskriven som ein fantastisk kollega. Ein sprudlande kar som alltid drog av ein spøk.

– Det var alltid spøk med han på morgonen, fortel dagleg leiar Finn Arne Sundbrei i Sundbrei Transport.

Derfor vart stilla ekstra tydeleg måndag morgon. Sander Slaatten skulle ha vore på jobb som vanleg, men slik vart det ikkje. Sundbrei har mista ein av sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hendinga rysta heile Hallingdal i helga. Ein heil familie på fire er rivne vekk, både mamma Ingunn (53), Sander (22) og Signe (18). Saka blir etterforska som drap og sjølvdrap, og far i familien er sikta.

Hadde med seg kake

Sundag ettermiddag samla Sundbrei alle dei tilsette, for å snakke saman om det som hadde skjedd. Nesten alle kom.

Les også
Bygda har mista ein høgt akta lærar: – Alle på Torpo kjende ho Ingunn

– Dette er tøft. Men det var godt etterpå, seier Sundbrei.

Måndag morgon starta dei tilsette dagen rolegare enn vanleg, og samla seg for å prate. Prost Sveinung Hansen kom også innom.

Finn Arne Sundbrei og dei tilsette ved Sundbrei Transport samla seg sundag. I tillegg hadde dei ei rolig stund måndag morgon, der også prosten kom innom.

Sander skulle feira bursdagen sin måndag. Han skulle fylt 24 år. Fredag hadde han med seg kake på jobb, slik at alle kollegaene kunne få ein bit før dei tok påskefri. Kaka var det mamma Ingunn som hadde bakt.

– Han var opptatt av at folk skulle ha det bra på arbeidsplassen, seier Sundbrei.

– Sprudlande

Sander Slaatten starta som lærling i bedrifta for fire år sidan, og var tett på kollegaene sine.

– Han var ein veldig sprudlande kar. Han hadde alltid noko morosamt på lager, var alltid blid, seier Sundbrei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det same seier driftsleiar Frode Aaslid, som var nærmaste leiar for Sander.

– Me har mista ein fantastisk kollega, seier han.

– Han var ein humørspreiar. Alltid i godt humør. Ein som aldri såg problem, berre utfordringar.

På Sundbrei Transport var det sett opp eit bord med bilete av Sander Slaatten i helga.

– På godfot med alle

Det var Aaslid som tok imot Sander Slaatten då han først kom til bedrifta som lærling. Først jobba unggutten i avfallsmottaket, deretter fekk han endeleg setje seg bak rattet som sjåfør.

– Det var livet hans, fortel Aaslid.

Les også
Rår folk til å vise forståing og omtanke: – Det er godt og viktig at nokon spør

Sander hadde vore i bedrifta i nokre år, og i fjor vart det bestilt ny Scania som han skulle ha som sin.

– Den skulle eigentleg kome i januar, men vart forsinka. Den kjem no, etter påske. Den fekk han dessverre aldri sjå, seier Aaslid.

Aaslid fortel vidare at 22-åringen levde og ånda for jobben sin. Ein draum å ha i staben.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så var han ein som prata med alle, som var på godfot med alle, fortel han.

For leiinga i Sundbrei handlar det no om å ta vare på dei tilsette.

– Me skal prate meir saman, og dei har fått kontaktinformasjon til både kriseteam og prest, seier Finn Arne Sundbrei.