To skigrupper fjernutløyste snøskred på Leinenøse i Hemsedal 16. mars 2024. Alle heldt god avstand og var aldri i fare for å bli tekne av skredet.

Dei høyrde det drønna i snøen - ei god påminning om å halde seg unna skredterreng

Ei veke før påske var det faregrad 3 på Leinenøse. Då skredet kom, var alle på trygg avstand.

Denne dagen hadde Rune Abrahamsen i Hemsedal Fjellsport med seg eit følgje på sju skiløparar. Dei var to grupper. Den andre var på fire personar.

– Me gjekk normalvegen til Leinenøse. Dei andre var kanskje 50 meter høgare opp enn oss. Men begge gruppene heldt god avstand til skredfarleg terreng, fortel Abrahamsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så kom drønnet i snøen.

Skredet på Leinenøse 16. mars 2024 (innringa). Biletet er teke frå andre sida av dalen.
Les også
Iggs var rask med å markere funn: – Eg har tenkt gjennom dette tusenvis av gonger

Fjernutløyst

Abrahamsen er usikker på kor stort skredet vart, men han trur det må minst vere over 70-80 meter breitt og at det sikkert rasa 40-50 meter nedover fjellsida. Brotkanten var på over halvmeteren. Skredet gjekk i den bratte sida mellom Rustehaugnøse og Leinenøse og luftambulansen vart varsla.

– Det var ikkje farleg eller dramatisk, men ei god påminning om å halde avstand. Det var truleg me som gjekk under som løyste ut skredet, fortel Abrahamsen. Han ringde 113 og varsla om at dei i hans følge var trygge.

Faste prosedyrar

Som guide i fjellet har Abrahamsen faste prosedyrar før kvar tur. Mellom anna sjekkar han på kart om det er soner i terrenget som er har brattare helling enn 27 grader, og kor stor skredfare det er i området.

På regobs kan ein finne brattheitskart.

– Ein skal halde seg unna skredterreng. Varsam-appen har eit kart som syner kor bratt det er. Ein kan gå mange trygge turar dei fleste dagane, påpeiker han.

Rune Abrahamsen i Hemsedal Fjellsport.

Normalsituasjon

Jørgen Aamot er fjellførar, tindevegleder (NORTIND), og dessutan skredobservatør og skredvarslar for NVE. Han påpeiker at skredet på Leinenøse 16. mars er eit godt eksempel på kor fort ting kan snu.

Jørgen Aamot melder om meir stabile snøforhold no enn tidlegare i vinter.

– Fredagen før skredet var det relativt stabilt og fine snøforhold med ganske mykje laussnø. Sterk vind natt til den laurdagen førte til akutt rask skredfare, seier han.

No ved inngangen til påska, varslar varsom.no, torsdag 21. mars, om skredgrad 2 i Hemsedal. Altså moderat snøskredfare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fleire skred samtidig - til saman ni personar vart tatt

Normalsituasjon

Aamot vil minne folk på at det er mange fine fjell her i Hallingdal utan spesielt stor risiko for skred.

– Me har ein meir normalsituasjon no. Ingen alarmerande fare for skred, men grad 2 fortel at det framleis er skredfare, seier Aamot. Det er mykje snø i fjellet og full vinter. Det har blåst frå alle kantar. Ein må følgje med på skredvarsel og vere dagsaktuell på sol og temperatur, rår han. Mellom anna kan bratte solheng bli ustabile utover dagen.

Siste nytt inn mot påska er at snøforholda har vorte meir stabile.

– Men det er alltid ein viss fare - og det endrar seg fort, seier han.