FM Iggs og Birger Moxness i Hemsedal har trena gjennom fleire år. Mellom anna på søk i skred. Då alarmen gjekk 26. januar, melde dei seg i skredområdet. Det gjekk ikkje mange minuttane før hunden fann den sakna.

Iggs var rask med å markere funn: – Eg har tenkt gjennom dette tusenvis av gonger

Ei tekstmelding frå ein kamerat, gjer at Birger Moxness handlar raskt. Det tek ikkje lange tida før hunden FM Iggs markerer funn i snøen.

Fredag 26. januar 2024: Ein bekymra sms gjer Birger Moxness merksam på at det har gått eit snøskred. Hemsedølen hadde akkurat vore i bakken og spent av seg skia. No luftar han hunden FM Iggs på parkeringsplassen i skisenteret.

– Eg ringde straks opp kameraten min og spurde kor skredet hadde gått, fortel Moxness. Så handla han raskt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Tre skikøyrarar treft av snøskred: Mann i 20-åra omkom

Meldte seg som frivillig

– Eg køyrer til patruljehuset og spør skipatruljen om dei vil ha hund i skredet, seier Moxness. Han fekk klarsignal med det same.

Norske Redningshundar var ikkje kome til skred-staden enno. Då vart Moxness og hunden ein nyttig lokal ressurs.

Den fjellvande karen grip tak i sekken som ligg ferdigpakka i bilen. Skia blir og med. Iggs hoppar rett oppi sleden når Moxness peikar på den. Dette har dei trena på.

– Det var som om han skjøna kva som skulle skje, seier eigaren.

Hundeekvipasjen blir frakta med snøskuter opp til Djeveldalen, der skredet har gått. Dei står først på oppsida av skred-området. Her får Moxness klarsignal frå politiet. Han kan køyre på ski ned i skredet, der 15-20 mann frå skipatrulje, Røde Kors, Hallingdal brann- og redning, luftambulansen, legar og anna hjelpemannskap leiter på spreng.

Les også
Frigir namnet på mannen som mista livet i skredulykka: – Djupt tragisk
Mann teken av skred

Snøskredet gjekk i Djeveldalen i Hemsedal, fredag 26. januar.

Skredet var om lag 20 meter breitt og 80 meter langt.

Tre unge menn i 20-åra vart innblanda i ulykka. Ingen av desse var utstyrt med elektronisk skredsøkar- eller mottakar.

To av mennene vart tekne av raset, berre den eine overlevde. .

Haakon Klette (26) frå Trondheim døydde.

Det gjekk om lag to timar før alle var gjort greie for.

Skipatrulje, politi, tre legar, ambulanse, to helikopter, brannvesen, Røde Kors, skredgruppa og ein usertifisert lavinehund med førar deltok i søket.

Hunden brukte åtte minuttar på å finne skred-offeret.

Tusenvis av gonger

No handlar både Moxness og hunden nærmast på refleks.

– Sjølv om eg heldt på å spy då eg gjekk ut av sleden og greip skia. Eg tenkte «no er det alvor», fortel Moxness.

Artikkelen held fram under annonsen.

Moxness og hunden har trena mykje i urolege miljø, noko som kjem godt med når dei skal inn i skredområdet. Det er folk og utstyr overalt. Snøskuterar køyrer inn og ut av området. Ein veldig aktivitet. Det står om liv. Mannskapet har leita lenge utan funn.

Les også
Ordføraren etter skredulykka: – Ei frykteleg tragisk hending

– Eg har aldri hatt ein godkjend hund i NRH, men eg har trena og tenkt gjennom ein situasjon som dette tusenvis av gonger, fortel Moxness.

Han har oversikt kor vinden kjem frå, kunnskap om korleis dei skal kome seg ned i skredet og kor dei skal starte søket. Og dei har trena lavinesøk. Det er essensielt.

– I tillegg er eg godt kjend. Eg har stått på ski her i 20-30 år, fortel han.

Moxness tek seg ned på ski og hunden spring etter ned i skredet, om lag 70 meter nedanfor. Det tek berre nokre sekund.

Mange tankar gjekk gjennom Birger Moxness i Hemsedal då skredalarmen gjekk. Men når alarmen går, kan ein ikkje «sjå det an». Det er det ikkje tid til.

Startar å grave

– Eg var fyrst redd det var for mykje «forureining» i skredet. At det var for mykje folk og utstyr til at hunden kunne klare oppgåva, fortel Moxness.

Hunden markerer raskt, men der finn dei ingen ting. Så sender Moxness hunden ut i nytt søk, på skrå litt oppover i skredet.

– Det var knotete å gå, så det går roleg for seg. Då ser eg at Iggs verkar meir målretta opp mot venstre. Eg let han jobbe. Fokuserer berre på hunden. Koplar ut alt det andre. Så tek labbane til å gå. Iggs har begynt å grava.

Artikkelen held fram under annonsen.

Birger Moxness har trena i all slags vêr. Han har også vore med på treningar med Norske Redningshunder, NRH.

Funn etter åtte minutt

Hunden grev meir og meir intenst. Det er berre gått åtte minutt sidan hunden starta å søke nedst i skredet.

– Han brukar å halse når han har funn, men det gjer han ikkje no. Eg skjønar likevel at han har funne noko og går bort. Då ser eg noko blått i snøen, fortel Moxness.

Iggs tek tak i det blå, som er ein jakkearm. Han prøver å dra. Snøen er fullstendig kompakt. Steinhard.

– Det må folk vite. Det er konsekvensen av å bli teken i skred, seier Moxness og blir litt stille medan han fortel. Det er sterkt å snakke om hendinga.

Den skredtekne ligg berre ein halvmeter under overflata. Tett ved står dei to kameratane hans. Fullstendig makteslause.

Då alarmen gjekk 26. januar, melde Birger Moxness seg med hund i skredområdet etter kort tid. Det gjekk ikkje mange minuttane før hunden fann den sakna skikøyraren.

Sterke inntrykk

– Eg ropar funn! Og ropte visst jakke! i tillegg, fortel Moxness.

Det er som å dra av ein dynamittkubbe. Alle kjem til og får skikøyraren opp av snøen.

– Eg spør ein gong til om det er fleire sakna, berre for å vere sikker. Så løfter eg Iggs vekk. Han er «megahøg» og vil grave meir. Eg må roe han ned. Så går me litt unna. Det er første gong eg ser alt dette på kloss hald. Det er sterkt, og eg får ein reaksjon, seier Moxness.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at alt var veldig bra og profesjonelt organisert av hjelpemannskapa.

– Dei er heilt rå. Me har så masse flinke folk, seier han.

Moxness får sjølv stor honnør og god støtte etter hendinga.

– Alle skryter av Iggs. Me fekk klapp på debriefen. Det var flaut, men og litt fint. Eg er audmjuk over alt eg har lært i NRH. Me skulle hatt ein redningshund knytt opp til skisenteret. Det var ein terskel å gå over, då eg reiste ut i skredet. Men det stod om liv, då hadde eg ikkje noko val. Eg hadde kunnskap og erfaring, seier han.

Gjennom firmaet Fjellmox har Birger Moxness stort fokus på trygg ferdsel i fjellet.

Trygge vegval

I det daglege er Moxness ein bidragsytar for trygg ferdsel i fjellet. Han er advokat og har budd i Hemsedal i 12 år, men leigd hytte her i alle år før han flytta. Han elskar å vere ute og tek med seg folk i fjellet og held skredkurs gjennom firmaet sitt Fjellmox. Han er og innleigd av andre for å dele av kunnskapen sin.

Moxness håpar folk tek lærdom og lærer seg trygge vegval, tek skredkurs og har med seg skredutstyr og søkjar/mottakar om dei ferdast der dette bør vere med.

– Eg skrur på søkjar/mottakaren heime før eg dreg ut. Ei billeg forsikring, seier han.

FM Iggs og Birger Moxness i Hemsedal har trena mykje gjennom fleire år. Mellom anna på søk i skred.

Hunden var ei utfordring

Birger Moxness fekk hunden FM Iggs frå Forsvaret i Sverige for ein del år sidan. Den er over ti år i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hunden var splitter pine høg då me trefte han fyrste gongen, men me tok han med på tur. Me skulle leike, og eg heldt ein isbit i handa. Då hoppa han opp og greip tak med kjeften. Tennene trefte handa mi, men då hunden merka det, sleppte han med ein gong. Det var avgjerande. Hunden vart med heim, fortel Moxness.

Moxness har vakse opp med hund, men den svenske forsvarshunden synte seg å vere ei utfordring.

Dei eigenskapane han har i seg har Moxness måtta akseptere.

– Ein kan ikkje forandre på det, men eg kan lære han masse ting. Me har fått ein annan relasjon etter at eg forstod det, fortel Moxness.

Han legg til at han også undervegs er vorten positivt overraska over desse eigenskapane.

FM Iggs

Søkte råd og hjelp

– Eg hadde ikkje føresetnader for ein såpass krevjande hund, men søkte råd og hjelp. Eg har øydelagt mange jakker og gått mange kurs for å løyse koden og få kontakt med han. Det er nokre instruktørar som fortener mykje honnør, smiler han.

Moxness har fått trene hund med både politi og ein kompis i Norske Redningshunder, og dessutan nytta seg av kurs, mellom anna hjå instruktøren Terje Østlie.

Les også
Trenar på å redde liv: - Det er viktig for oss å sette fokus på dette i desse dagar

Og i tillegg har dei to lagt ned mange, mange, mange timar med eigentrening. Iggs har fått oppgåver heile tida. Han har vore trena tett på helikopter som landar og tek av. Han har øvd på å sitje i slede rundt om på tunet. Han har trena på å finne att gjenstandar, jobba mykje i mørket og i dårleg vêr, og synt seg å ha ein enormt stor arbeidslyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høg skredfare

Dei er eit godt tospann desse to.

Resultatet av arbeidet dei har lagt ned fekk dei bruk for, då skredet gjekk i Hemsedal.

– Eg håpar mi forteljing kan bidra til at det ikkje er deg eller ein av dine det blir leita etter neste gong. Det er høg skredfare no. Det har blåse masse og lenge. Lesidene er fulle av krut. No skal ein unngå skred-terreng. Du må sjekke før du dreg ut, og dessutan følge med undervegs. Unngå skredterreng. Sjekk karta varsom.no som syner kor bratt det er og kor skreda går. Alt ligg til rette for at ein kan unngå skred. Men ein må skjøne det. Få det inn i ryggmergen og respektere faresignala som kjem. Fjellet gir fantastiske opplevingar og minne for livet. Men det er det eine hundredels sekundet som kan bli katastrofalt.

– Eg hadde ikkje føresetnader for ein såpass krevjande hund, men søkte råd og hjelp. Hunde FM Iggs og Birger Moxness i Hemsedal.