KrF-topp Ingar Nergård (f.v.) i Hemsedal, her saman med Margunn Høydal Mythe, nyvald nestleiar Ida Lindtveit Røse og partiets 2.-kandidat Helge Hafsås under eit partimøte i Hemsedal i 2019. (Arkivfoto)

KrF-oppdrift i éin kommune –under sperregrensa nasjonalt

KrF er ute av alle kommunar i Hallingdal, med unnatak av éin. Her står til gjengjeld partiet sterkt.

Det går fram av ei fersk meiningsmåling Norfakta har utført for Hallingdølen.

Saman er ein mindre aleine

Nasjonalt er KrF eit småparti som vakar rundt sperregrensa. Partiet gjer det tradisjonelt sterkare i Hemsedal. I kommunestyrevalet for fire år sidan fekk partiet 7,3 prosent av stemmene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og mens partiet i dag er nede på 3,8 prosent nasjonalt, gjer KrF i Hemsedal eit solid byks oppover til 10,3 prosent. Viss dette slår til på valdagen i september, vil partiet doble gruppa i kommunestyret frå éin til to.

– Då kan me snakke om «makt i de foldede hender»?

– Ha-ha, eg ville nok ikkje sagt det slik, ler partiets listetopp i Hemsedal, Ingar Nergård.

Slår ring om Rørby

– Kvifor står KrF så sterkt i Hemsedal?

– Det veit eg ikkje om eg kan svare på. Men det er mange kristne i Hemsedal, og kristne er jo tradisjonelt ei viktig veljargruppe for partiet, seier han. Nergård minner om at partiet tradisjonelt har fått kring ti prosent av stemmene ved lokalvala i Hemsedal.

Les også
Må Rørby ut av ordførarkontoret? – Eg trur me kjem til å gjere eit godt val
Les også
Mylderet av parti endrar ikkje maktforholda

– Førre kommuneval var eit unntak. Eg trur me mista nokre veljarar til Sp for fire år sidan. Det var ein del KrF-arar som stemte Sp for å sikre seg at Rørby vart ordførar. Men dei hadde oppnådd akkurat same ved å stemme KrF, seier Nergård, som denne perioden har vore ein del av eit valteknisk samarbeid som sikra fleirtal for Sp-ordførar Rørby.

Verdikonservativ ungdom

Nyleg uttalte Helge Hafsås, andrekandidaten på KrF-lista i Hemsedal, at partiet er inne i ein god trend og opplever medlemsvekst, særleg blant verdikonservativ ungdom.

– Hafsås er flink til å rekruttere sympatisørar inn i partiet. I Hemsedal har me fått unge vaksne inn på lista, ein ny generasjon som engasjerer seg, seier Nergård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fire av sju listekandidatar er 35 år eller yngre, og yngste på KrF-lista er Ola Jordheim (27).

Oss og dei andre

– Kva er strategien for å halde på veljarane fram mot valdagen?

– Me er opptatt av barn, ungdom, og eldreomsorg, altså primæroppgåvene til kommunen. Me må tydeleggjere korleis vår politikk skil seg frå andre parti.

– Kva er forskjellen på KrF og dei andre?

– Det er eit godt spørsmål som det er vanskeleg å svare på med få ord. Me må kome tilbake til dette når programmet vårt er ferdig.