Resultat av Norfakta sin gaullup i Hallingdal april 2023.

Må Rørby ut av ordførarkontoret? – Eg trur me kjem til å gjere eit godt val

Pål Rørby vippar på ordførarstolen. Sp kan miste to plassar i kommunestyret og Høgre fossar fram.

Ein gallup tidleg i valkampen gir eit uskarpt bilete av kva retning dei politiske vindane bles. Men målinga i Hemsedal er i tråd med nasjonale trendar, der regjeringspartia har kraftig tilbakegang.

– Som venta

I Norfakta si måling går Høgre fram med fire prosentpoeng og Sp tilbake med sju, samanlikna med valet i 2019. Viss målinga treff, krympar Sp frå seks til fire representantar i kommunestyret i Hemsedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Hektiske forhandlingar i Hemsedal
Les også
– Spesielt å gi sentrale posisjonar til «mikroparti»
Senterpartiet gjorde det godt i Hemsedal i 2019, men den ferske meiningsmålinga tyder på at trenden har snudd og at Pål Rørby sit utrygt som ordførar. Her er han fotografert under valvaka i 2019.

Korleis er det å sjå Høgre fosse forbi, Rørby?

– Eg skulle sjølvsagt ønska betre målingar. Men at nasjonale trendar slår inn over Hemsedal, er som venta. Me har førebels ikkje starta valkampen og er heller ikkje klare med programmet. Me har ikkje vore ute og prata om politikken me ønskjer å føre i neste periode. Difor er eg optimist. Eg trur me kjem til å gjere eit godt val. Me har ei sterk liste og viktige saker som me kjem til å argumentere tydleg for i valkampen. Men det er aldri hyggeleg å starte valkampen med dårlege målingar, seier ordførar Pål Rørby (Sp).

– Har mykje ugjort

Rørby er den einaste som jobbar heiltid med politikk i Hemsedal. Som ordførar har han privilegiet av å vere den mest synlege politikaren i bygda. Slik sett kan ein meine at han har drive valkamp heile året i snart fire år. Rørby avviser at det er slik det fungerer.

– Som ordførar skal ein vere ordførar for heile bygda og alle parti. Og då er det ei grense for kor partipolitisk eg kan vere. Under pandemien gjekk det vekk to år med krisehandtering, eg har difor mykje ugjort og håpar eg får halde fram, seier han.

– Kva tilbakemelding får du frå bygdefolket?

– Eg møter dei som seier dei ikkje kjem til å støtte Senterpartiet, for partiet har gjort så mykje rart i regjering. Mange seier likevel at dei ønskjer eg skal halde fram som ordførar og vil støtte meg med ei personstemme. Men eg får ikkje ein ny periode basert på personstemmer. Viss folk ønskjer at eg skal halde fram, må dei stemme Sp, seier han.

Partiet for folk med grått hår

Underlagsmaterialet viser at Sp har dårleg grep om veljarane under 30 år. Av dei som vart spurt i denne aldersgruppa, var det ingen som ville stemt Sp. I aldersgruppa 60+ svara derimot kvar tredje at dei ville stemt på Sp om det var val i dag.

– Kvifor trur du veljarane oppfattar Sp som eit parti for folk med grått hår?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur dette snur når programmet er klart og partiet kjem ut med politikken. Me er opptatt av barn, ungdom, oppvekstvilkår og rusproblem. Eg trur mange vil kjenne att utfordringane, og meine at me presenterer gode løysingar, seier han.

– Hyggeleg å vere størst

Skal me tru målinga, er det Richard Taraldsen og Høgre som er tøffaste utfordrar. Høgre får 30 prosent av stemmene og blir største parti, med fem plassar i kommunestyret.

– Eg tek denne målinga med stor ro. Det er tidleg i valkampen, og ingen har så langt partiprogrammet klart. Men det er sjølvsagt gledeleg å vere størst. Partiet har framgang nasjonalt, og viss også Hemsedal Høgre følgjer trenden, er det hyggeleg, seier Taraldsen. Utfordringa i Hemsedal er at det er åtte parti som skal kjempe om veljarane.

Richard Taraldsen og Hemsedal Høgre har vind i segla i ei fersk meiningsmåling.

– Partia vil stele frå kvarandre og nokon må nødvendigvis ryke ut. Det blir eit spennande val, seier Høgre sin ordførarkandidat i Hemsedal.

Må byggje alliansar

Det er ikkje gitt at det er det største partiet som får ordføraren. Både Sp og Høgre vil trenge støtte frå andre. For fire år sidan gjekk i Sp i samarbeid med småpartia, til Høgre sin store frustrasjon. Basert på Norfakta si ferske meiningsmåling, er det tre parti som kan starte valkampen i Hemsedal med vind i segla. I målinga er Frp tilbake i kommunestyret, og både SV og KrF doblar partigruppa frå éin til to plassar.

– Kor vil Høgre hente støtte i år?

– Eg ønskjer ikkje å spekulere i det førebels. Me har hatt eit tett og godt samarbeid med fleire parti som me er villige til å diskutere samarbeid med. Sist var det forhandlingar me ikkje ønska å ta del i og me valde å gå i opposisjon. Det trur eg har tent partiet godt, seier han.

– Ikkje noko hokuspokus

Målinga er dyster lesnad for Hemsedal bygdeliste (HBL). Partiet får berre 2,5 prosent og varaordførar Petter Owesen ligg an til å miste plassen i kommunestyret om ikkje valvinden snur.

Artikkelen held fram under annonsen.

Petter Owesen (HBL) vart varaordførar i 2019. Men i den ferske meiningsmålinga ryk han og partiet ut av kommunestyret.

– Eg synest ikkje det er så stor dramatikk i dette. Valkampen har ikkje starta. Me må jobbe for å snu dette. Det er ikkje noko hokuspokus. I siste periode har det vore to store, Sp og H. Som eit lite einmannsparti har det vore vanskeleg å vere synleg. Me må markere oss meir enn me har gjort hittil. Og så trur eg også at engasjementet veks fram mot valet, seier Owesen.

Gallup: Slik kan kommunestyret i Hemsedal bli sjåande ut

Dersom valresultatet i Hemsedal blir som svara i gallupundersøkinga, blir Hemsedal kommunestyre sjåande slik ut i valperioden 2023-2027:

Senterpartiet (4)

1. Pål Rørby

2. Hege Falck-Andersen

3. Petter Brennhovd (Sp)

4. Monika Randar (Sp)

Arbeiderpartiet (2)

1. Janne Brøndbo (Ap)

2. Stein Kåre Bråthen (Ap)

Høgre (5)

1. Richard Taraldsen (H)

2. Hege Austheim Jakobsen (H)

3. Jan Egil Halbjørhus (H)

4. Maria Jartman (H)

5. Andreas Smith-Erichsen (H)

Kristeleg Folkeparti (2)

1. Ingar Nergård (KrF)

2. Helge Hafsås (KrF)

Framstegspartiet (1)

1. Tore Flaget (Frp)

Sosialistisk Venstreparti (2)

1. Inge Berthram Wahl (SV)

2. Mette Eggen Krag (SV)

Venstre (1)

1. Steinar Bleken (V)