Tilfellet er det andre som er funne på Vidda.

Nytt funn av skrantesjuke: – For tidleg å seie noko om kor mange dyr som kan vere smitta

Jaktlaget sende inn prøve av ei felt simle. Den viste seg å teste positivt for skrantesjuke.

– På femte og sjette dag etter endt jakt hadde eg håpa at me ville kome i mål utan overraskingar, seier leiar for villreinnemnda på Hardangervidda, Endre Lægreid til Hallingdølen.

– Eg er ei blanding av skuffa og fortvila.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mattilsynet bekrefta funnet av skrantesjuke torsdag kveld. Tilfellet er det andre som er funne utanfor sone 1 på Hardangervidda, det første kom i september 2020.

– Dette prøveresultatet bekrefter dessverre at villreinbestanden på Hardangervidda er smitta av skrantesjuke, seier avdelingsdirektør for regelverk og kontroll i Mattilsynet, Inge Erlend Næsset.

– Det er for tidleg å seie noko om kor mange dyr som kan vere smitta totalt. No skal det gjerast nye berekningar, og Mattilsynet avventar desse.

Jaktlag sende inn prøven

Jegerar er sterkt oppfordra til å levere prøver av felte dyr. Det var det som skjedde i dette tilfellet, eit jaktlag sendte inn ein prøve av ei simle som altså viste seg å vere smitta. Dyret vart felt sør på Hardangervidda, i Vinje kommune. Det er same område som bukken som testa positivt i 2020.

– Me håpa sterkt på at bukken i 2020 var eit enkelttilfelle. Derfor var dette eit skot for baugen, seier Lægreid.

Håpet har vore at området skal vere fritt for smitte, og at det ikkje skulle bli gjort nye funn av sjukdommen. Det håpet rauk torsdag.

– Det er stor forskjell på å gå to år utan nye funn, til å få eit til i år. Det kjennest som me rykker tilbake til start, tilbake til funnet i 2020.

– Har det noko å seie at det var ei simle denne gongen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har det absolutt, utan at eg kan seie noko om kva det faktisk vil bety. Me ønsker mellom anna å vite alderen på simla.

Skrantesjuke

Det er avdekt minst to typar skrantesjuke-prion i Norge. Hjå villrein har sjukdommen opptredd smittsamt (klassisk skrantesjuke).

Skrantesjuke er ein dødelig prionsjukdom for hjortedyr, men er aldri påvist på menneske.

Symptom på skrantesjuke er avmagring, hyppig urinering og unormal oppførsel, f.eks. dyr som ikkje skyr menneske.

Veterinærinstituttet bekrefta også funnet torsdag kveld.

– Dette er eit trist, men ikkje heilt overraskande funn, seier Jørn Våge, skrantesjukekoordinator ved Veterinærinstituttet.

Ifølgje Mattilsynet vurderer dei og Miljødirektøratet no om det nye funnet endrar anbefalingane som blir følgt i dag. Som Hallingdølen også tidlegare har omtala, skal Miljødirektoratet levere si anbefaling om vegen vidare i handteringa av skrantesjuke 1. november.

– Eg meiner det ikkje er grunnlag for å endre strategien mykje. Men med eit nytt funn har ein ete av marginen me har, før det vil bli meir trykk på meir drastiske tiltak, seier Lægreid.

– Framtidsutsiktene til villreinen har blitt dårlegare. Men eg trur ikkje dette funnet aleine er nok til å endre strategien på kort sikt.

Les også
Usemje i innspurten - slik vil gruppa få villrein tilbake i Nordfjella
Les også
Forlenger ikkje jakta på Vidda: – Har oppnådd ei normal god jakt
Les også
Ser lys i tunnelen - men når kjem det rein tilbake i Nordfjella?