Camilla Underland har hektiske dagar som kommuneoverlege i Hemsedal.

Første omikron-tilfellet bekrefta: - Det var berre eit tidsspørmål

Omikron vil etter kvart dominere i Norge. No har det første tilfellet av virusvarianten dukka opp i Hemsedal.

– Dette kom via innreise, altså frå eit anna land. Det får ingen konsekvensar for våre innbyggarar. Vedkommande vart sett i isolasjon med ein gong, og har ikkje hatt kontakt med nokon, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

– Me har altså ikkje omikron-smitte i omløp, denne varianten er ikkje knytt til dei andre utbrota me har hatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
No er 41 smitta etter julebord: Barnehage og skule råka av smitte

Hemsedal har sidan 3. desember fått 60 smittetilfelle. Det har vore fleire parallelle utbrot, mykje knytt til skule og oppvekst. Her har det ikkje vore omikron-smitte.

– Men det var berre eit tidsspørsmål før denne dukka opp. Prognosene seier at omikron vil ta over. Målet vårt er å dytte deltaviruset tilbake no, og forseinke omikron frå å spreie seg, seier Underland.

Les også
Halve klassen smitta - reagerer på at skulen ikkje stenger

Det er deltaviruset som framleis dominerer i Norge, og dette som skapar problem med høge smittetal.

– Delta gir store konsekvensar no, med press på helsetenestene. Me må stoppe det, men parallellt også stoppe forseinke omikron. I Danmark ventar dei at omikron vil dominere i landet om ein dag eller to, men me er ikkje i den situasjonen no, seier Underland.

Les også
No er 41 smitta etter julebord: Barnehage og skule råka av smitte

Også i Hol mistenker dei å ha fått omikron-smitte. Ingenting er bekrefta, men kommunen har fire smittetilfelle som dei handterer som det er omikron. Årsaka til det er at ein av nærkontaktane er omikron-smitta.

Måndag var kommunane i møte med helseministeren. Nye tiltak vart varsla å kome alt måndag kveld.

– Me jobbar frå dag til dag no. Det som er ein sannheit i dag, er ikkje nødvendigvis ein sannheit i morgon. Det er viktig at me heile vegen handlar kontrollert og raskt, ikkje basert på frykt og panikk, seier kommuneoverlegen.

Les også
20 nye smitta: Gir alle elevar heimeundervisning fram til jul
Les også
Endeleg opna Nesfjellet-ekspressen: - No er me heilårsdestinasjon
Les også
Slik vil Støre hjelpe til med straumrekninga