No er 41 smitta etter julebord: Barnehage og skule råka av smitte

Nore og Uvdal har eit større smitteutbrot som følgje av julebord på Vasstulan førre helg.

Måndag formiddag melder kommunen at talet på smitta no er oppe i 41 personar. Desse har testa positivt enten med ordinær test, eller fått positiv hurtigtest.

Les også
Halve klassen smitta - reagerer på at skulen ikkje stenger

Dei siste tre tilfella kom sundag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Første analyse tydar på at dette dreier seg om eit utbrot med delta-varianten, ikkje omikron, melder kriseleiinga etter å ha hatt eit møte måndag formiddag.

Dei fortel også at Uvdal barnehage har stengt både måndag og tysdag. Årsaka er ein krevjande bemanningssituasjon. Det er berre barn som har foreldre i såkalla samfunnskritiske yrke som kan møte fysisk i barnehagen.

Det er også eit positivt smittetilfelle knytt til barnehagen.

Ein person er også smitta ved Rødberg skole.

Nore og Uvdal kommunen ber sine innbyggarar og hyttegjester om å vere nøye med kor mange nærkontaktar dei har, og vere ekstra på vakt.

Les også
20 nye smitta: Gir alle elevar heimeundervisning fram til jul
Les også
To nye tilsette ved helsetunet smitta: Held fram med strenge tiltak