Gol kommune vil ruste opp leikeplassen i sentrum, og har fleire storstilte forslag på bordet. Her er ein av skissene dei har fått utarbeidd. Innbyggarane i Gol vil at pengegåva i samband med folketalsfeiringa skal gå til å støtte prosjektet. (Arkivfoto)

Folket har talt - dette tiltaket får pengegåve frå kommunen

Det vart eit soleklart fleirtal for at pengegåva frå Gol kommune skal gå til ny leikeplass i parken i sentrum.

Den siste veka har innbyggarane i Gol stemt på kva for tiltak som skal få 46.590 kroner av kommunen. Tysdag kunne ordførar Heidi Granli fortelje kven av dei fire alternativa som stakk av med sigeren.

Les også
Skal donere bort 46.590 kroner - dette kan innbyggjarane stemme på

Med eit soleklart fleirtal, vart det bestemt at pengane skal gå til å støtte prosjektet for ny leikeplass i parken i Gol sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Undervegs i konkurransen har me fått andre gode innspel, og me ser at folk har stemt på dei andre tiltaka også. Det er ting me tek med oss vidare, sa ordføraren etter å ha annonsert vinnaren.

Slik stemte golingane

Veggmåleri på gamle Gol ungdomsskule: 2 stemmer

Støtte til framtidig leikeplass i parken i Gol sentrum: 275 stemmer

Gratis offentleg svømming for alle i 1 år på Samfunnshuset: 34 stemmer

Fleire sitjebenkar langs gåruter i heile Gol: 90 stemmer

Hadde fire alternativ

Gåva er ei markering av at Gol for første gong har blitt den mest folkerike kommunen i Hallingdal. Dei passerte nyleg Ål kommune, og kunne juble over rekordmange 4659 innbyggarar. Summen på gåva frå kommunen er altså ein tikroning per goling.

Les også
Vil ruste opp leikeplassen for millionar

Då innbyggjarane skulle få velje, stod det mellom fire tiltak: nytt veggmåleri på gamle Gol ungdomsskule, støtte til leikeplass i parken i sentrum, gratis svømming for alle innbyggarar i eitt år, eller fleire sitjebenkar langs populære gåruter i Gol.

Kommunen har fått utarbeidd fleire skisser til korleis leikeplassen i sentrum kan bli sjåande ut. Pengegåva vil bli eit bidrag til prosjektet, som vil få ein prislapp på fleire millionar. (Arkivfoto)

Prislapp på millionar

Hallingdølen har tidlegare skrive om den nye leikeplassen i sentrum. Då viste kommunen fram to ulike skisser dei har fått utarbeidd. Det eine forslaget er å setje opp leikeapparat med skog og fjell som tema. Blant anna har det kome forslag om ein 7,5 meter høg elg ein kan klarte inn i.

Det andre forslaget er moderne og romsleg leikeplass. I tillegg har næringslivet ytra ønske om paviljong og amfi til ulike arrangement. Kommunen opplyste den gongen at prislappen sannsynlegvis ville hamne på minimum sju millionar. Visit Gol gjekk så ut og fridde til næringslivet for å starte eit spleiselag.

Resultatet frå avstemminga vart offentleggjort i kommunestyremøtet tysdag kveld. Pengane skal gå til ny leikeplass i parken i sentrum.
Les også
Over 60 smitta dei siste to vekene: - Må vere budd på meir
Les også
Hotellet er selt etter bodrunde: – Det har vore god interesse