Dette biletet er frå koronatesting i Ål sist vinter. Også desse vekene går det føre seg mykje testing i Hallingdal.

Over 60 smitta dei siste to vekene: - Må vere budd på meir

Bruk munnbind og avgrens talet på sosiale kontaktar. Det er rådet frå kommuneoverlegane mens smittetalet i Hallingdal stig.

Då Hallingdølen sjekka tala måndag formiddag, var 63 personar registrert smitta i regionen dei siste to vekene.

28 i Hemsedal, 15 i Hol. 13 i Ål og 12 i Gol. Fire i Nesbyen og ein i Flå. Nore og Uvdal er også hardt råka, med 18 smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange område i Viken er mørkeraude no. Me er i ein situasjon der aukande smitte rundt oss er uunngåeleg. No må me sjå kva som kjem av nasjonale grep. Det er stor usikkerheit rundt omikron-varianten. Me må bremse den, slik at me kjøper oss meir tid til å få meir informasjon. Det er tid for at alle bidreg no, og gjer det dei kan, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Saman med sine legekolleger i Hallingdal ber ho folk tenke gjennom kor mange sosiale kontaktar ein har.

– Det er mykje smitte i Hallingdal. Fleire kommunar går frå å vere gule på smittekartet, til raude og mørkeraude. Avgrens talet på nærkontaktar, og hald høfleg avstand til andre, seier Underland.

Der du ikkje kan halde minst ein meter avstand, bør du ta på deg munnbind.

Vil ha booster til fleire

Det trengst meir kunnskap om omikron, som først dukka opp i det norske nyheitsbiletet for halvanna veke sidan.

– På verdsbasis er det framleis deltavarianten som står for 99 prosent av alle smittetilfelle. Men det er rekna at den vil dominere i Norge om ikkje altfor lenge. Me veit at den er smittsam. Men me veit enno ikkje om den gir meir alvorleg sjukdom enn delta. Me veit heller ikkje effekten av vaksineringa før det har gått ei stund. Men det er grunn til å tru at boosterdose gjer susen, seier Underland.

Les også
Nok ein tilsett ved Helsetunet er koronasmitta

Boosterdose vil seie den tredje dosen. I dag er det eit tilbod til personar over 65 år. Men kommunane i Hallingdal er av dei som jobbar med å få grønt lys til å setje denne dosen på alle over 45.

– Eg trur det vil kome ganske raskt no. Me er budd på å setje dosene så snart me får lov. Me har ressursane, og me har vaksinane. Me treng berre grønt lys, seier Underland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sei ja til vaksine

Det er framleis personar i Hallingdal som ikkje er vaksinert i det heile tatt. Underland og legane ber folk som sit på gjerdet om å hoppe ned, og kome til vaksinering. Kommunane har no drop in-vaksinasjon, etter arbeidstid.

– Uvaksinerte har valet: Bli vaksinert, eller bli smitta, slår Underland fast.

Les også
Innfører forskrift: Krav om munnbind og sitteplass på utestader
Les også
Har skote ulv: - Ringa han inn i går, skaut frå post
Les også
Kim Friele bisett frå Oslo domkirke: - Gjorde Norge til eit betre land å bu i