Alle niandeklassingane og deira lærarar i Ål har vorte koronatesta. Alle prøver er negative.

Koronatestane var negative - faren over

Gledeleg melding frå koronatestane av niandeklassingane i Ål: Alle prøvene er negative.

Tysdag ettermiddag hadde smittevernlege Marianne Lerberg gått gjennom alle svara.

– Alle elevane vart testa sundag. Heldigvis er alle negative. Alle prøvene til lærarane er også negative. Faren er over, seier Lerberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Føre var

Ungdomskuleelevane vart sett i karantene frå laurdag og testa sundag då det vart kjent at fleire elevar på Ridabu skole på Hamar var smitta. Ålingane hadde vore på same leirskule på Knattholmen ved Sandefjord same veka som Hamar-skulen, og smittevernlegen tok ingen sjansar. Det vart gjort for å vere føre var.

– Eg er glad for at me gjorde det når ein ser korleis det har utvikla seg på Hamar, seier Lerberg.

Les også
I karantene etter leirskule

Kva er smittekjelda?

For på Hamar sette kommune krisestab måndag etter massive smitteutbrot. Fire skular, barnehagar og to ishallar er stengt. Over 20 personar er smitta. Blant dei er fleire elevar og ein lærar ved Ridabu skole. Smittekjelda er ukjend. Lerberg veit ikkje om elevane frå Hamar hadde med seg smitte til leirskulen, eller om det er tilsette ved leirskulen som er smittekjelda.

– Leirskulen er stengt og alle tilsette testa. Men viss det er tilsette der som er smittekjelda, er det rein flaks at ingen frå Ål vart smitta, seier Lerberg.

Les også
- Heimeskule er greitt, men det er betre på skulen

Lærarar møttest éin gong

Elevane frå Ål og Hamar hadde ingen kontakt under leirskulen.

– Gjeld det også lærarane?

– Lærarane frå Ål og Hamar har hatt felles møtepunkt éin gong. Det var eit måltid, og dei heldt god avstand. Det er ingenting kritikkverdig ved det, seier Lerberg.

Tysdag fekk Ål ungdomsskule meldinga om dei negative prøvene. Dermed er niandeklassingane truleg raskt tilbake i klasseromma.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Nortura i fritt fall
Les også
Tilliten til Nortura er borte
Les også
Nortura svarar på kritikken
Les også
– Merkbart færre dyr