Heile niandeklasse ved Ål ungdomsskule (t.v.) er sett i karantene.

I karantene etter leirskule

Ål kommune er føre var og set heile niandeklasse i karantene.

Årsaka er at niandeklassingane som vanleg har starta året med leirskule til Knattholmen ved Sandefjord. Men der var også ein klasse frå Hamar. I denne klassen er det no påvist covid-19 hjå fire elevar og ein lærar.

Ukjend smittekjelde

– Me har ingen mistanke om smitte hjå elevane frå Ål. Men me gjer dette for å vere føre var, seier smittevernlege Marianne Lerberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Nesbyen eller Aust-Europa

Lerberg seier elevane frå Hamar og Ål ikkje har hatt direkte kontakt. Men dei har vore innom dei same romma. Det var ein lærar som først fekk påvist koronasmitte. Smittevernlegane reknar med at det er lite sannsynleg at læraren har smitta nokon.

– Men laurdag ringde kommuneoverlegen i Hamar og melde om fire positive prøver. Me veit ikkje kor smitta kjem frå, men truleg er det leirskulen, seier Lerberg.

Alle blir testa sundag

No må alle elevar og lærarar i Ål testast. Laurdag ettermiddag sende kommunen SMS til i underkant av 60 elevar og deira føresette. Informasjon er også lagt ut på kommunens heimesider.

Les også
Sju dagar som endra Norge

– Sundag blir alle testa. Prøvene blir sendt måndag morgon, og truleg har me ikkje svara før onsdag. Dermed blir det tre dagar med heimeskule, seier Lerberg.

Les også
Ein person koronasmitta i Ål
Les også
Ein person koronasmitta i Hol
Les også
Ein person koronasmitta i Gol