Hol kommune har vore hardt råka av koronapandemien på fleire område sidan mars. For næringslivet har det gått litt opp, men mest ned. Derfor er styreleiar i Visit Geilo, Roger Espeli (i midten) fornøgd med at ordførar i Hol, Petter Rukke (t.v), og kommunen har fått ekstra pengar i eit næringsfond. Investor og hotelleigar Pål G. Gundersen (t.h.).

Eigen krisepakke for næringslivet i Hol

I haust kan bedrifter i Hol søke om pengar frå eit «krisefond» i Hol kommune. - Svært bra. Me treng hjelp, seier styreleiar i Visit Geilo, Roger Espeli.

Destinasjonsselskapet har 150 medlemsbedrifter. Mange har vore hardt prøva dei siste månadene under koronapandemien.

– Me hadde ein krisevår etterfølgd av ein formidabel juli. Men no er det igjen knytt usikkerheit til hausten, seier Espeli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre millionar

Men no er det mogleg å søke om tilskot frå kommunens «krisefond» på tre millionar kroner. Pengane er overført frå Viken fylkeskommune til kommunale næringsfond. Kommunane med eit særleg hardt råka næringsliv har vorte prioritert. Frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og fylkeskommunen er det lagt eigne føringar for søknadene. Hol kommune har også eigne retningslinjer.

Les også
Viken-støtte til hardt råka kommunar

Formannskapet avgjer

Søknadsfristane er 1. oktober og 1. november. Formannskapet avgjer 22. oktober og 19. november kven som får tilskot.

– Svært bra. Me treng hjelp, seier Espeli, som no skal jobbe fram søknader frå fondet.

– Me vil jobbe med søknader for å få ut middel til fellesskapsprosjekt. Me vil bygge opp prosjekt og løfte saman. Me lir av redusert omsetning, men me ser store moglegheiter framover. «Post korona» kan me bli vinnarar.

– Er desse pengane til hjelp?

– Det er fantastisk. Alle monnar dreg.

Les også
Sju dagar som endra Norge