Hallingdal og Nore og Uvdal får 12,7 millionar frå Viken fylkeskommune. Fylkesrådsleiar i Viken, Tonje Brenna, seier regionen er prioritert høgt. Her er ho på bedriftsbesøk hjå Ålhytta i juni.

Viken-støtte til hardt råka kommunar

Viken fylkeskommune fordeler 61 millionar kroner til kommunane som har vorte hardast råka av koronapandemien.

Hallingdalskommunane og Nore og Uvdal får til saman 12,7 millionar kroner. Det er Gol og Hol som får mest med høvesvis 3,1 og 3 millionar. I regionen er det Nore og Uvdal som får minst med 600.000. Det er også den lågaste summen Viken deler ut.

Viken har prioritert

Regionen med Hallingdal og Nore og Uvdal får ein stor del av dei 61 millionane Viken hadde. Målgruppa er bedrifter, og kommunar med høg arbeidsløyse og med reiseliv som hjørnestein er prioritert høgast. Heilt rett og viktig at denne delen av Viken får ein stor del av pengane, meiner fylkesrådsleiar Tonje Brenna (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Store delar av næringslivet i Hallingdal har fått det beintøft under korona-krisa. Reiseliv og turisme er kjerneverksemd som har forsvunne nærmast over natta.

Les også
Koronakrisa har kosta kommunane 26 millionar
Dette får kommunane

Gol: 3,1 millionar

Hol: 3 millionar

Hemsedal: 2,8 millionar

Nesbyen: 1,3 millionar

Flå: 1 million

Ål: 800.000

Nore og Uvdal: 600.000

Ullensaker får mest

Tildelingane til Gol, Hol og Hemsedal ligg inne på plass nummer to, tre og fire i Vikens prioriteringar. På topp ligg flyplasskommunen Ullensaker med 3,7 millionar.

– Hovudhensikta med ordninga har vore å hjelpe de kommunane som har fått det aller, aller tøffast under koronakrisa. Då har det også vore viktig at støttebeløpet dei får er av ein viss storleik. Me veit at alle kommunar er råka, og me skulle derfor gjerne hatt meir å fordele, seier fylkesråd for næring i Viken, Johan Edvard Grimstad.

Les også
Må kommunane ta korona-kostnadene?