annonse

Eit liv etter Hølet

DESEMBER 2014
DESEMBER 2014: Bygget på ni etasjar reiser seg.
HD201410141229917V1.jpg
DESEMBER 2008
DESEMBER 2008: Slik låg Hølet i fem vintrar.
FRÅ ROMMET
FRÅ ROMMET: Hølet kan sjåast på satellittbilete.
FØR
FØR: Geilo Handelslag før riving.
RIVING
RIVING: I Mars 2008 var rivinga godt i gang.
RETT VEST
RETT VEST: Hølet, sett vestfrå.
RETT VEST 2
RETT VEST 2: I dag ser det slik ut frå same staden.

Geilo; 27. desember 2014.

Første gong eg tok bilete av den utgravne tomta til Geilo Handelslag, var sommaren 2008. Då var det gamle handelslaget rive for å gi plass til nybygg.

Men så vart det, som me veit, full stopp. Tomta vart liggande, og vart straks døypt «Hølet» på folkemunne. Den har seinare vore ein snakkis på Geilo, både bygdefolk og turistar imellom. For enkelte tilreisande har Hølet vore ein attraksjon. Satellittbilete viser at ein har kunna sett Hølet frå verdsrommet. Det er ikkje dårleg.

I denne saka skal eg ikkje gå inn i årsakene til at det vart slik. Men finanskrise, pengemangel og investorflukt er viktige stikkord. Eg nøyer meg med å ta tilfeldige klipp frå arkivet vårt som gir eit riss av den sørgjelege føljetongen om Hølet.



«Geilo Handelslag har mykje å feire om dagen. 100-årsjubileum og endeleg ja til byggestart gjer dagleg leiar Nina Fagertveit så glad at ho deler ut kaffi og kake til alle forbipasserande på handletur». (Hallingdølen 8. januar 2008)



«Kjem styret i Geilo Handelslag til å klare å fylle hølet dei har laga med forretningar? Undrar Pål Knutsson Medhus». (Hallingdølen 27. november 2008)



Til å begynne med var det skepsis, men ingen panikk. Og då Olav Thon vart sett ved Hølet i desember 2008, trudde alle at det ordna seg. Men nei, han var der berre som turist.



«Alle ser fram til at den utgravne og gapande byggetomta midt i sentrum blir bebygd. Eg har stor tru på at me skal kome i gang i haust, seier prosjektleiar Peder Lunde jr.». (Hallingdølen 8. september 2009)



«Ikkje minst psykologisk er det viktig at noko skjer i Norges kanskje mest kjende «høl», sa Peder Lunde jr.». (Hallingdølen 10. oktober 2009).



«Hol kommune kjem ikkje til å engasjere seg for å få fart på byggeprosjektet i det mykje omtala holet til Geilo Handelslag». (Hallingdølen 31. oktober 2009).



«Bygginga vil starte ved påsketider neste år». (Hallingdølen 12. november 2009)



«Det har drege ut med finansieringa, og byggestarten har vore usikker. Handelslaget har difor heller ikkje vore i stand til å betala Hol kommune for tomta til fastsett tid». (Hallingdølen 25. februar 2010)



«Ja til ny kjøpar. Hol kommunestyre godkjenner at den utgravne tomta til Geilo Handelslag kan seljast vidare til NorgesGruppen Eiendom Innland AS». (Hallingdølen 4. mai 2010)



«Hølet er for djupt. Hadde det berre ikkje vore grave så djup. Det er lett å vere etterpåklok». (Hallingdølen 21. august 2010)



«På staden kvil for Hølet-plan. Det er ingen framdrift i planane. Situasjonen er som han har vore i lang tid, seier styreleiar Knut Arne Lia i Geilo Handelslag». (Hallingdølen 26. august 2010).



«I meir enn tre år har det gapande tomtekrateret stått som ei «kvise i Geilos ansikt». Alt tyder på at den tida snart er over». (Hallingdølen 19. mars 2011)



Medan dagane gjekk, vart Hølet teke i bruk til ulike arrangement innan sport og kultur. Og optimisme og kalddusjar avløyste kvarandre.



«Endeleg losnar det. Nye investorar brukar gamle teikningar. Byggestart til hausten». (Hallingdølen 19. mars 2011)



«Mange tenkjer X-Files og «du trur det ikkje før du får sjå det!» Men alt tyder no på at dagane er talde for den gapande tomtegropa i Geilo sentrum». (Hallingdølen 26. juli 2012)



«Kritisk for Hølet. Vurderer å fylle att krateret». (Hallingdølen 13. desember 2012),



«Byggeprosjektet i Hølet på Geilo ligg dødt. Tilliten til prosjekt og eigarar er tynnslite hjå Hol kommune». (Hallingdølen 15. desember 2012)



«Det går mot den femte vinteren med Hølet som eit gapande krater midt i Geilo sentrum». (Hallingdølen 18. desember 2012)



Men så skjedde det ting:



«Geilo kan feire ni etasjar i Hølet. Avtale med Hallingdal Hytteservice. Daglegvareforretning, næringslokale, leilegheiter, parkeringshus. Fem års venting er over.» (Hallingdølen 4. mai 2013).



«Geilotorget reiser seg i ekspressfart. Endeleg tør geilingane tru på eit liv etter «Hølet»». (Hallingdølen 10. mai 2014).



Og i dag ser det slik ut. Råbygget blir ferdig i vinter, og så tek innreiingsarbeida til. Det som ingen skulle tru, er blitt ein realitet – eit liv etter Hølet.