annonse

Eldre del totalskadd - hovudbygget berga

Storbrann:
Storbrann: Delar av Novema-fabrikken i Flå brann ned fredag. (Foto: Joachim Fosse Martinsen)
Kraftig røyk:
Kraftig røyk: Nødetatane er på plass ved fabrikken i Flå. (Foto: Frode Stillingen)
Storbrann:
Storbrann: Fleire brannbilar er på brannstaden. (Foto: Frode Stillingen)
Rykte ut:
Rykte ut: Nødetatane er på plass ved fabrikken i Flå. (Foto: Frode Stillingen)
Storbrann:
Storbrann: Fabrikken Novema er truleg totalskadd i brannen. (Foto: Ragnar Hilde)
Novema

Brannmannskapa fekk i løpet av fredag kveld kontroll med brannen i Novema-fabrikken i Flå.

Olav Johannes Bøthun

Brannvesenet i Flå og Nes  rykte fredag ettermiddag ut til Novema, der det vart meldt om kraftig røykutvikling i delar av bygget. Etter kvart kom det forsterkingar frå andre stader av Hallingdal og nedre delar av fylket, blant anna  ein stigebil frå brannvesenet på Hønefoss. 

- No har me begynt å få kontroll her. Men i løpet av ettermiddagen har me hatt mannskap på plass frå Krødsherad, Sokna,  Hønefoss, Nes, Flå og Gol. No sender me heim dei som held til lengst unna, opplyste brannsjef i Nes og Flå, John Bjella, til Hallingdølen ved 20.30-tida fredag kveld. 

Raskt på staden

Bjella fortel at dei fyrste brannmannskapa var på plass under ti minutt etter at brannen vart varsla. Han seier det brann heftig i den eldre delen av bygningen då dei kom på staden, og at det er vanskeleg å seie noko om tilstanden på bygget no. Det som likevel er klart, er at brannmannskapa lukkast i å avgrense brannen til den eldre delen av fabrikken, eit trebygg på mellom 800- og 1000 kvadratmeter. 

Brukte brannvegg

- Det er ein brannvegg i fabrikken til den nye delen av bygget. Og me greidde å hindre at brannen spreidde seg forbi denne brannveggen, seier han. Bjella opplyser vidare at det gamle bygget står intakt, men at det er svekt. Kor mykje, kan han ikkje seie. 

- Kor mykje som må gjerast med denne delen av fabrikken, veit eg ikkje. Hovuddelen er like heil, men kan sjølvsagt ha fått enkelte røykskader, opplyser han.

- Kva kan du seie om sjølve aksjonen?

- Sløkkinga har gått greitt. Til saman har vel borti 40 brannmannskap vore på staden, og rundt ti brannbilar.  

Voldsom røyk

Augevitne fortalde fredag ettermiddag om svært kraftig røykutvikling i bygningen. Litt over klokka 18 hadde brannvesenet framleis ikkje kontroll over brannen.

Hallingdølen fekk då opplyst at varemottaket ved bedrifta kunne vera totalskadd. Her hadde det også oppstått brann i ein del maskinar og truckar. Dette er den einaste delen av fabrikken som er bygd i tre. Det skal ha vore ein person på jobb då brannen starta.  

Eit augevitne fortel at brannmannskapa gjekk  inn i bygningen frå to kantar, og at det etterkvart kom lysare røyk frå bygget. Dette kunne tyde på at dei var i ferd med å få situasjonen under kontroll. Men på den andre sida var brannen såpass omfattande at det kom assistanse frå fleire brannvesen. Og det skulle gå minst fire timar innan brannen var under kontroll.