Vetle Sjaastad Christiansen skaut feilfritt på liggande, men måtte ut i tre strafferundar på ståande. I jaktstarten i Nove Mesto gjekk han seg opp tolv plassar frå 32.-plass til 20.-plass.
Vetle Sjaastad Christiansen skaut feilfritt på liggande, men måtte ut i tre strafferundar på ståande. I jaktstarten i Nove Mesto gjekk han seg opp tolv plassar frå 32.-plass til 20.-plass.

Vetle klatra tolv plassar

Vekslande vind på standplass skapte spenning under jaktstarten i V-cupen i skiskyting.

Etter torsdagens renn låg Vetle Sjaastad Christiansen frå Geilo på 32.-plass, 1.56 bak Johannes Thingnes Bø. Før start sa geilingen til NRK at taktikken var å gå maks frå start. Det lukkast han med.

Hadde klatra 24 plassar halvvegs i løpet

Halvvegs i løpet såg det lyst ut for Christiansen. På fyrste liggjande leverte Christiansen ein strålande serie, rask og feilfri. Han gjekk seg opp 16 plassar etter fyrste runde på standplass. Også den neste serien vart feilfri. Etter andre skyting var han nummer åtte ut frå standplass. Han hadde klatra 24 plassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

På standplass veksla det mellom kraftig vind og vindstille. Skiskyttarane fekk krevjande forhold, ikkje minst på dei to ståande seriane. Fram til tredje skyting hadde Johannes Thingnes Bø ei solid luke. Men med to bom på fyrste ståande blir det også kamp om gullet. Både storebror Tarjei Bø og Alexandr Loginov (Russland) tek opp jakta.

Det endar med norsk gull og russisk sølv, med Johannes Thingnes Bø øvst på pallen.

Kraftig vind på standplass

For Vetle Sjaastad Christiansen skapte vinden trøbbel på dei to ståande seriane. På tredje skyting brukar han tid før han startar serien. Han får fire treff, men siste skotet gir han ein strafferunde. Han går ut frå standplass sum nummer 10, 1.17 bak Thingnes Bø. På den neste runden kunne geilingen skimte ryggen til Martin Fourcade fire-fem sekund framfor seg i løypa. Men på siste skyting måtte geilingen ut i to strafferundar.

Sjaastad Christiansen enda til slutt opp på 20.-plass i jaktstarten i Nove Mesto. Men før han tek juleferie, får han ein ny sjanse under fellesstarten sundag,