Torpo idrettslag håpar på stor oppslutning i Veslekamben Upp. (Arkivfoto)
Torpo idrettslag håpar på stor oppslutning i Veslekamben Upp. (Arkivfoto)

Veslekamben Upp og Bakketunløpet

Laurdag 7. juni arrangerer Torpo idrettslag motbakkeløpet Veslekamben Upp. Det er eit 2,2 kilometer motbakkeløp med 300 meters høgdeskilnad.

Starten er ved klubbhuset på Bakketun og innkomst på Veslekamben ovanfor Siregardane.

– Motbakkeløp er populært for tida, så me vil arrangere eit løp som passar for alle, både barn og vaksne. Det er både trim- og konkurranseklassar, så ein treng ikkje vera topptrena for å delta. Det er laga ein fin løypetrase med flott utsikt når ein kjem opp på Veslekamben, opplyser Torpo idrettslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aldersgrensa for å delta i Veslekamben Upp er 13 år. Dei som er yngre har eit lettare alternativ i Bakketunløpet. Det er ein rundtur på 1,4 kilometer i lysløypa med premie til alle. Der deltek også Labb og Line.

Påmeldingsfristen er 6. juni. Men ein kan også melde seg på løpsdagen mot eit ekstragebyr.