Reidun Margrethe Moe, sonen Markus Hansen Moe og Tormod Røren frå NM-komiteen lærer Lars Nibstad å spele bridge.
Reidun Margrethe Moe, sonen Markus Hansen Moe og Tormod Røren frå NM-komiteen lærer Lars Nibstad å spele bridge.

Ventar bridge-meistrar til Gol

I slutten av september kjem dei beste bridgespelarane i landet til Gol. For fyrste gong på 19 år er NM i Buskerud.

Meisterskapen går på Storefjell nest siste helga i september.

Då kjem dei beste spelarane frå heile landet for å delta i bridge-NM for par.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me håpar på bortimot 300 spelarar, eller kanskje litt fleire totalt. Det kjem 150 i samband med sjølve NM-et, og så skal me ha minneturnering for Gerd og Andres Nibstad, foreldra til Lars. Me håpar på god deltaking der og har håp om at det blir ein suksess, seier Tormod Røren, leiar i organisasjonskomiteen.

– I tillegg blir det juniorleir her oppe, både for lokale unge som vil lære bridge og frå heile landet. Dei bur sovesalliknande og driv på med bridge under rettleiing av instruktørar, seier han.

Høgfjellshotellet på Golsfjellet har lange tradisjonar for bridgeturneringar.

Lars Nibstad og Tormod Røren gler seg til NM i bridge på Storefjell i september.
Lars Nibstad og Tormod Røren gler seg til NM i bridge på Storefjell i september.
Reidun Margrethe Moe, sonen Markus Hansen Moe og Tormod Røren frå NM-komiteen lærer Lars Nibstad å spele bridge.
Reidun Margrethe Moe, sonen Markus Hansen Moe og Tormod Røren frå NM-komiteen lærer Lars Nibstad å spele bridge.

– Det nærmar seg seksti år med bridgeturneringar her oppe. Når eg var liten var bridgehelga den største happeningen i året. Då var hotellet heilt fullt og det låg folk på hytter og nabohotell, seier Lars Nibstad.

Mykje jobb

Arrangørane er Buskerud Brigdekrets.

– Sist Buskerud hadde eit NM var tidleg på 2000-talet, på Sundvolden. Me er glad for at det blir på Storefjell, at me kan ta bridgen litt tilbake hit med eit NM, seier Tormod Røren, leiar i organisasjonskomiteen.

Dei har med seg bridgeklubbane på Gol og Nes som hjelp. Mannskap frå desse klubbane kjem og bidreg med rigging.

– Me får åtte pallemeter med utstyr som skal riggast opp på kort tid. Mykje av det er bort med skjermar. Det blir spelt med skjerm under NM. Då ser du ikkje makkeren din. Han eller ho sit på eine sida av skjermen i lag med ein frå det andre laget. På den andre sida sit du og den andre frå motstandarlaget. Det er for at det ikkje skal vere mogleg å sende signal. Du kommuniserer berre via meldeboksen, forklarar Røren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange

Det er ikkje kven som helst som kan vinne NM.

– For å vere med på NM må ein kvalifisere seg. 54 par får vere med, til no er 46 klare. Dei siste blir klare i løpet av sommaren. Men det er også sideturneringar i løpet av helga ein kan vere med på. Der kan alle vere med, seier Røren.

Dei er spent på korleis det blir med meisterskap i fjellet.

– Det er fyrste gong NM blir arrangert på eit høgfjellshotell. Det blir veldig kompakt og spennande å sjå korleis det blir når alle er på same staden. Den vesle ulempa med at det ligg litt unna byane løyser me med å setje opp bussar. Me håpar å lage den beste meisterskapen nokon sinne.