Ola Jordheim hinkar i mål til stafettsiger og bestetid på ankeretappen. Hemsedølen kryssa mål med eit blodig kutt i foten. – Eg kjente eg trakka på noko skarpt, men eg greidde å fullføre. Eg hadde nok litt adrenalinrush i kroppen, seier han.

Velorientert med vond fot

– Eg tok meg god tid til å lese kartet og planleggje ruta. Eg lukkast bra med taktikken, seier Ola Jordheim (19).

Orientering: Jordheim sprang ankeretappen på Hemsedal IL sitt fyrstelag under stafetten i Hallingdalsmeisterskapet. Den unge orienteringsløparen hadde suverent bestetid på sisteetappen. Jordheim sprang i mål fem minutt før Endre Ulsaker frå Hemsedal IL og 12 minutt før Nesbyen IL. Der var rutinerte Pål Gunnar Mikkelsplass ankermann på eit reint familielag, saman med Kristen og Marit Mikkelsplass.

Toppa lag

Hemsedølene hadde toppa laget. Alle tre på vinnarlaget hadde bestetid på sin etappe. Neil Marston sprang fyrste- og Elin Ulsaker andreetappen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er uvanleg at alle tre på eit stafettlag har fullklaff. Me var heldige med laget, seier Jordheim. På sisteetappen var det to hemsedalslag i tet med ei god luke bak til Nes.

– Det gjorde at eg ikkje hadde så press på meg. Eg tok meg tid til å lese kartet og planleggje ruta. Det lukkast eg bra med. Eg råka alle postane, seier han.

Adrenalin dempa smerta

Jordheim fekk likevel ein dramatisk og blodig innspurt. Løypa gjekk over myrar og i tett fjellskog ved Fuglehovda på Øvreålsåsen.

Ljåblad? Ola Jordheim trakka på noko skarpt og fekk eit kutt i foten. På legevakta sydde dei seks sting.
Ljåblad? Ola Jordheim trakka på noko skarpt og fekk eit kutt i foten. På legevakta sydde dei seks sting.
Ola Jordheim blir plastra av Gunvor Thorset Abrahamsen (t.h.) og Marit Mikkelsplass (med ryggen til). Seinare reiste han til legevakta og fekk sydd seks sting.
Ola Jordheim blir plastra av Gunvor Thorset Abrahamsen (t.h.) og Marit Mikkelsplass (med ryggen til). Seinare reiste han til legevakta og fekk sydd seks sting.
Eivind Torsethaugen gjer klar til premieutdeling. Han veit kva orienteringsløparar ønskjer seg om dei vinn – varme, tørre ullsokkar.
Eivind Torsethaugen gjer klar til premieutdeling. Han veit kva orienteringsløparar ønskjer seg om dei vinn – varme, tørre ullsokkar.

– Det var eit vanskeleg terreng med få tydlege ledeliner i kartet. Ruta var kronglete. Tett skog, mykje brisk og eit steinete underlag, seier han. Den siste posten låg i opent lende ute på eit beite.

– Der kjente eg at eg trakka på noko skarpt. Eg trudde eg hadde trakka på ein stein eller ein kvist. Det gjorde ganske vondt, men ikkje verre enn at eg greidde å springe vidare. Eg hadde nok litt adrenalinrush i kroppen sidan det var stafett. Det er litt ekstra press å vere anker på eit lag, seier han.

Skoen stod ikkje til å redde

Etter målpassering, fekk han av seg skoen. Det viste seg at han hadde fått eit langt kutt i foten. Etter premieutdelinga bar det rett til legevakta.

– Dokteren kunne ikkje skjøne at det var ein stein eg hadde trakka på. Det var eit reint kutt. Det kan ha vore eit gamal ljåblad som låg att i graset, seier han. Legen sende Jordheim heim med seks sting i foten. Skoen kunne han derimot ikkje fikse. Skosola hadde ikkje blitt gjennomkutta, men opp langs sida på orienteringsskoen, var det ei lang flenge.

Sesongavslutning på sofaen

Stafetten var nest siste løp på orienteringsløparen si terminlist. Onsdag er det sesongavslutning for individuelle klassar i Hallingdalskarusellen. Jordheim skulle gjerne stilt til start.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Doktoren sa eg skulle liggje med foten høgt i 10–12 dagar. Eg bør nok ikkje springe, seier han.

Ekstra surt er det om han må stå over siste løpet i Skue motbakkecup.

– Eg leiar cupen samanlagt og har sjanse til å vinne pengepremien. Eg får vurdere å hinke meg gjennom for å få godkjent siste løp, men eg er redd eg må stå over på grunn av foten, seier han.