Aleksander Fjeld Andersen tok stafettgull under ungdoms-OL i austerrikske Bürseberg.
Aleksander Fjeld Andersen tok stafettgull under ungdoms-OL i austerrikske Bürseberg.

Vart olympisk meister

Aleksander Fjeld Andersen fekk draumen oppfylt. Han reiser frå Austerrike som olympisk meister.

Skiskyting: Geilingen har hatt ein svært god meisterskap i austerrikske Bürserberg.

Onsdag nådde han målet då han tok individuell bronsemedalje i ungdoms-OL, og fredag toppa han og det norske laget suksessen med stafettsiger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klatra

Mathea Tofte opna ballet på fyrsteetappe før ho veksla med Karoline Erdal, som også er elev ved NTG Geilo.

Ho veksla med klassekamerat Fjeld Andersen, som gjekk ut 2,1 sekund bak Ukraina på tredjeetappa. Han skaut fullt på liggjandeserien medan ukrainaren måtte i strafferunden. Bak kom eit russisk lag som klatra på listene då Nikita Lobastov skaut fullt hus på begge sine skytingar. Andersen måtte bruke to ekstraskot på ståandeserien, men veksla likevel 21,7 sekund føre Russland.

Favorittnasjonar

Sølvgut frå jaktstarten, Sturla Holm Lægreid, var ankermann for det norske laget.

Aleksander Fjeld Andersen får med seg to medaljar heim frå ungdoms-OL. (Arkivfoto)
Aleksander Fjeld Andersen får med seg to medaljar heim frå ungdoms-OL. (Arkivfoto)

Han brukte fire ekstraskot på dei to seriane, men gjekk likevel det norske laget inn til gull. I mål var dei 38,7 sekund føre Russland som tok sølvet. Tyskland sikra bronsemedaljen og sørga for at tre av dei største nasjonane i internasjonal skiskyting tok medaljane.