Øystein Bråten lykkast ikkje å ta ei topplassering i sundagens slopestylefinale i Aspen.
Øystein Bråten lykkast ikkje å ta ei topplassering i sundagens slopestylefinale i Aspen.

Var sjanselaus i slopestylefinalen

Øystein Bråten var sjanselaus mot amerikanske Alex Hall under kveldens slopestylefinale i Aspen.

Torpingen måtte nøye seg med ein sjetteplass. Fasiten frå årets X Games vart dermed ein sjuandeplass i Big Air og sjetteplassen i slopestyle.

Har slite med skade

Etter fleire månader utan konkurransekøyring var Øystein Bråten tilbake i samband med X-Games i Aspen denne veka. Bråten har stått over fleire konkurransar etter at han fekk ein smell i ei hofte på trening i fjor haust. I fjor tok han sølv i både slopestyle og Big Air i Aspen. Bråten var dermed førehandskvalifisert til båe øvingane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men fråværet av konkurransar og skaden prega torpingen under helgas finalar. Likevel – resultata syner at han er på rett veg.

Sjuandeplass

Under laurdagens Big Air vart det ein sjuandeplass. Gullet gjekk til ein annan nordmann, Birk Ruud. Ruud tok dermed sin andre strake gull i Big Air. I fjor vår vann han same disiplin under X Games i Oslo. Alex Bealieu-Marchand frå Canada vart nummer to, medan britiske James Woods tok tredjeplassen.

Ikkje Bråtens dag

Slopestyle er normalt Bråtens sterkaste disiplin, og det var her han hadde dei største medaljeforhåpningane framfor kveldens finale.

Men det var ikkje Bråtens dag. Han noterte seg for 77,00 poeng i fyrste runde, men mislykkast både i andre og tredje forsøk. Dermed måtte OL-vinnaren frå i fjor ta til takke med ein 6. plass.

Gullet gjekk til amerikanske Alex Hall som fekk 95,66 poeng i siste runden. Alex Beaulieu-Marchand frå Canada sikra seg sølvmedaljen.

Bronse til Ferdinand Dahl

Men om ikkje Bråten lykkast i finalen hadde ein annan landsmann, Ferdinand Dahl, all grunn til å juble. Dahl oppnådde 80,33 poeng i fyrste forsøk, og plasserte seg som nummer tre. Ei plassering han heldt gjennom heile konkurransen. Bronsemedaljen er også Dahls fyrste X Games-medalje.