Mathias Skrede er først ut etter første skyting (M19), mens klubbkamerat Øystein Markegård gjer seg klar for å skyte, men i mål har rekkjeføga snudd seg. Markegård vinn og Skrede kjem på tredje.
Mathias Skrede er først ut etter første skyting (M19), mens klubbkamerat Øystein Markegård gjer seg klar for å skyte, men i mål har rekkjeføga snudd seg. Markegård vinn og Skrede kjem på tredje.

Vann mot vindkuler

Geilingane Filip Fjeld Andersen og Øystein Markegård starta skiskyttarsesongen godt på heimebane laurdag. Dei vann kvar si klasse under ujamne vindforhold.

Det var rufsete vêr og ujamne skyteforhold på Geilo skistadion laurdag. Men fleire viste at det gjekk an å treffe blink.

– Eg har hatt ein roleg inngang til årets sesong. Eg gler meg, sa Øystein Markegård (Geilo IL/NTG) før start. Taktikken viste seg å vere god. Han trassa vindkulene og vann si klasse (M19). Feilfri skyting førte han heilt øvst på pallen. Både Rasmus Krogstad (Try/NTG-Geilo) og Mathias Skrede (Geilo IL/NTG-Geilo) hadde bom og måtte ty til fleire ekstraskot. Det opna vegen for Markegård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Filip Fjeld Andersen (Geilo IL/NTG-Geilo) gjorde ein skarp fjorårssesong med å vinne det meste. Han starta også årets sesong godt, først og fremst i sporet. På standplass måtte også han notere seg eit par bom. Det hadde ikkje Halvor Taalesen Tjøntveit (Svene IL/NTG-Geilo) eller Sindre Gjøseter (Kvam/NTG-Geilo), men på det skarpe føret var det Fjeld Andersen som var raskast.

I dei eldste klassane (20-21 år) var det ingen lokale med. Vossingen Arild Fosse vann knipent over sambygdingen Sindre Hirth og Vegard Haneberg (Oslo).

Mari Lindmo Kvanneberg (Ål skiskyttarlag/NTG-Geilo) vann K17-klassen, også ho utan bom. I årsklassen under (J16) kom klubbvenninne Mari Torsteinsrud på tredjeplass. Blant jenter 14 var det Synne Herheim (Geilo IL) som vann, framfor Gro Tosteinsurd (Ål skiskyttarlag) og Anna Espeli (Geilo IL).

Filip Fjeld Andersen gjekk ut hardt frå start og trass i litt bomskyting vann han sin klasse (M18).
Filip Fjeld Andersen gjekk ut hardt frå start og trass i litt bomskyting vann han sin klasse (M18).
Sara Ehrenpohl Sand (Byåasen skiskytterlag) skaut fullt hus for første gong i ein konkurranse, tass i vanskelege kastevindar. Her blir ho intervjua av Inger-Lise Skøien.
Sara Ehrenpohl Sand (Byåasen skiskytterlag) skaut fullt hus for første gong i ein konkurranse, tass i vanskelege kastevindar. Her blir ho intervjua av Inger-Lise Skøien.
Sesongens første DNB cup og Sparebank 1 cup og mange tok ut det dei hadde.
Sesongens første DNB cup og Sparebank 1 cup og mange tok ut det dei hadde.

Det vart også arrangert DNB-cup der seniorane brynte seg mot kvarandre. Marius Norø Ingebrightsen (Tromsø skyskytterlag) skaut utan ein einaste bom. Erling Aalvik (Kvam langrenn) måtte ty til ekstraskot og kom 12 sekund for seint i mål for å kunne hamle opp med tromsøværingen. Andreas Kvam (Meldal IL) skaut også feilfritt, og hadde god nok fart i sporet til å sikre tredjeplassen. I kvinneklassen vart Emilie Ågheim Kalkenberg (Skonseng UL) beste, Marion Rønning Huber (Tynset IL) nummer to og Kristin Hjelstuen (Oslo skiskyttarlag) nummer tre. Ei som for for første gong klarte fullt hus i konkurranse var Sara Ehrenpohl Sand (Byåsen IL).

- Det er første gong eg har klart. Eg var litt heldig, men det skal ikkje bli siste, sa ho til etter målgang.

Inkludert dei yngste er det kring 500 startande under arrangementa. Skiskyttarfestivalen held også fram sundag.