Vinnar av Finnmarksløpet junior 2014.
Vinnar av Finnmarksløpet junior 2014.

Vann Finnmarksløpet junior

Erik Loftsgård frå Tunhovd vann sundag tidenes fyrste Finnmarksløpet junior.

Hundeløp: Han var revansjesugen etter 12.-plassen i Femundløpet junior, 17-åringen som køyrer for Hallingen Hundekøyrarlag. I helga køyrde Erik Loftsgård frå Tunhovd det første Finnmarksløpet junior (FL-junior) som nokon gong er arrangert. 200 kilometer på Finnmarksvidda for 15-18-åringar. Og Erik vann!

– Eg vart heilt overvelda då eg kom i mål i Alta, fortel den unge hundekøyraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Freista med Finnmark

Erik Loftsgård er dedikert til sporten og eig 13 hundar og trenar dei sjølv. Etter Femundløpet i februar, bestemte han seg. Det freista med Finnmarksløpet junior. Og han hadde lært eit og anna etter Femundløpet. I dag er han glad han bestemte seg for å køyre nordover.

– Alt som kunne gå gale i Femundløpet, gjekk gale, fortel han. 17-åringen stilte laurdag til start i FL-junior med fem unghundar og ein erfaren hund.

– Eg var veldig imponert over eit par av dei, seier Loftsgård. Ein av hundane har berre eitt løp frå før, og tre av hundane er berre halvanna år. Men i tet sprang den erfarne leiartispa Izeki.

Erik Loftsgård (17) frå Tunhovd vann sundag Finnmarksløpet junior 2014. (Arkivfoto)
Erik Loftsgård (17) frå Tunhovd vann sundag Finnmarksløpet junior 2014. (Arkivfoto)

– Ho var heilt ekstraordinær framme i spannet, seier ein takksam køyrar på veg mot premieutdeling og junior-lunsj i Alta måndag morgon.

Loftsgård gjorde ei rokering i spannet etter Femundløpet. Og det skulle syne seg at det var rett avgjerd.

Leia frå start

Loftsgård leia løpet heilt frå fyrste sjekkpunkt. Frå siste sjekkpunkt køyrde han ut 27 minutt før nestemann. Han køyrde over målstreken i Alta sundag klokka 15.25 til ein soleklar fyrsteplass. 22. minutt bak kom nestemann, som var Helle Seiertun Bjerke frå Vestre Gausdal. Inn på 3. plass, 44 minutt bak Loftsgård, kom vinnar av Femundløpet junior 2014, Anette Børve Hernes frå Eidfjord. Ho køyrer også for Hallingen Hundekøyrarlag. På fjerdeplass kom den fjerde deltakaren, Anna Dorthea Yri. To timar og 54 minutt bak Loftsgård.

200 kilometer med sterk vind, regn og snø har ikkje skremt den unge køyraren.

– Me fekk litt dritvêr, men kom oss greitt igjennom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Faren Terje Erik Loftsgård var med som handler, men Erik fekk berre prate med faren på eitt av sjekkpunkta.

– Dei andre to var villmarks-sjekkpunkt der me måtte klare oss sjølve, fortel han. Unge Loftsgård rosar elles heile arrangementet som er svært tilrettelagt for køyrarane.

FL-500

Loftsgård hadde ikkje trudd, då han reiste nordover, at han skulle køyre først over mål i Alta.

– I dag har det gått opp for meg, ler han. I målområdet i Alta var det fullt av folk. Og for den unge hundekøyraren som kom rett frå det einsame fjellet, var det overveldande å køyre over målstreken til ellevill jubel frå tilskodarane.

– Det var litt av eit show gjennom sentrum sundag med folk og intervju, fortel han. Med siger i tidenes fyrste Finnmarksløpet junior har han fått enda meir lyst til å fortsette.

– Eg satsar på å køyre Finnmarksløpet 500 (FL-500) neste år. Dette var ei kjempeavslutning på både juniorkarrieren og sesongen, seier 17-åringen glad.

Hundeløp for dei mellom 15 og 18 år. 200 kilometer på Finnmarksvidda. Fyrste sjekkpunkt var Jotka, med obligatorisk kvile på tre timar, pluss tidsutjamning. Så FL-500-løypa over Lesjavri, via kontrollpunkt Mollisjok til Suosjavri. Her var det seks timars obligatorisk kvile, om lag halvvegs i løpet. Turen vidare gjekk nordover mot Jotka 2. Dei følgde ei skuterslepe litt lengre vest og møtte sørleg løype om lag 10 kilometer før Jotka 2 der dei tok fire-timars kvilen. Herifrå gjekk det mot målgang i Alta.