Henrik Fagerli Rukke (19) kom godt frå debuten i World Cup for senior.
Henrik Fagerli Rukke (19) kom godt frå debuten i World Cup for senior.

Utan fullklaff i Heerenveen

Hol-kvartetten gjekk ikkje opp mot sitt aller beste under verdscupløpa i Heerenveen i helga. Henrik Fagerli Rukke (19) hadde ein god debut.

Skøyter: For fyrste gong var Hol representert med fire løparar i World Cup.

Det er oppsiktsvekkjande av ein liten klubb å ha fire løparar i same verdscupstemne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sølv i lagtempo

Håvard Bøkko er den einaste av holingane som går i A-gruppa. Løpa i Heerenveen var eit lite tilbakesteg frå forrige helg.

Beste løpet til Håvard var lagtempo saman med Fana-duoen Sverre Lunde Pedersen og Sindre Henriksen. Dei kopierte andreplassen frå Inzell og vart berre slått av Nederland med eit knapt sekund.

På 5000 meter vart Bøkko nummer 12 på 6.29,00. Det er sju sekund svakare enn i Inzell forrige helg då han hadde femte beste tid. Sven Kramer vann på 6.14,99, og Lunde Pedersen vart nummer fire på 6.20,98.

På 1500 meter sundag vart Bøkko nummer 10 på 1.46,83. Det var vel to sekund bak amerikanaren Mantia og russaren Yuskov som var i ein eigen klasse.

Hege Bøkko nær A-gruppa

Hege Bøkko var tilbake i B-gruppa etter ein visitt i A-gruppa i Inzell.

Hege vart nummer fem på 1000 meter på 1.18,21, nummer åtte 1500 meter på 2.01,95 og nummer sju på 500 meter i 39,25. Sjølv om det er eit godt stykke fram til dei aller beste, er det berre tidelar som manglar før ho etablerer seg i A-gruppa.

Hege gjekk også lagsprint saman med Ida Njåtun og Martine Ripsrud. Dei var uheldige og fall.

Solid debut av Henrik

Henrik Fagerli Rukke (19) debuterte i World Cup for senior og greidde seg godt i elddåpen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Henrik gjekk 500 meter på 36,09 og 1000 meter på 1.12,45. Det held til 21. og 22.-plass i B-gruppa.

Storebror Christoffer gjekk fire tidelar raskare enn Henrik på 1000 meter og vart nummer 15 på 1.12,03.

Rukke-brørne gjekk lagsprint saman med Espen Aarnes Hvammen og vart nummer sju.

Hvammen på pallen

Espen Aarnes Hvammen som har halve opphavet frå Dagali, tok steget opp i den desiderte verdseliten på 500 meter.

Sundag gjekk han eit superløp og vart nummer tre på 34,86 og kom på pallen for fyrste gong i World Cup.

Løpa i Heerenveen var siste runde i World Cup før neste runde i Stavanger i slutten januar.

Dei norske skøyteløparane avsluttar året med NM all round fyrstkomande helg. Andre helga i januar er det sprint-NM i Hol.