Maria Tviberg har mål om å stabilisere seg blant dei tretti beste i verdscupen, og ligg godt an etter dei fyrste verdscuprundane. (Arkivfoto)
Maria Tviberg har mål om å stabilisere seg blant dei tretti beste i verdscupen, og ligg godt an etter dei fyrste verdscuprundane. (Arkivfoto)

Tviberg nådde målet

Maria Tviberg tok juleferie med nye verdscuppoeng i bagasjen.

ALPINT: Geilojenta har hatt ein god sesongstart etter comebacket i verdscupen.

Den siste månaden har ho køyrt fleire verdscuprundar i Canada og Europa. I helga stod ho på start i Val d’Isere i dei siste renna før juleferie.

Artikkelen held fram under annonsen.

I utforrennet laurdag var ho 2.84 bak slovenske Ilka Stuhec, som vann. Det heldt til 31.-plass, for jenta som har mål om topp 30-plasseringar og verdscuppoeng i kvart renn.

Sundag vart ho nummer 23. Med 1.26,08 var ho drygt to og eit halvt sekund bak sveitsiske Lara Gut, som vann på 1.23.24.

Det var Tvibergs fyrste renn i Val d’Isere, og ho tek med seg mykje positivt frå verdscuphelga.

– For min del handlar det om å komme seg blant dei 30 beste. I går hadde eg ein feil som gjorde at eg ikkje klarte det, men hadde eg ikkje hatt den feilen så hadde eg nok klart det i går også, sa ho til BT sundag.

– Det er ei helt ny løype, så det er mykje å huske og krevjande å legge ein plan og faktisk gjennomføre den. Det var mykje positivt i køyringa min i dag. Dei beste har køyrt her mange gonger før, men dette var første gangen for meg, det kunne gått betre, men eg er veldig fornøgd, sa ho.