Maria Tviberg (22) gjorde reint bord i Narvik denne veka, med NM-gull i både utfor, super-G og slalåm
Maria Tviberg (22) gjorde reint bord i Narvik denne veka, med NM-gull i både utfor, super-G og slalåm

Tviberg er NM-dronninga

Maria Tviberg (22) vart trippel norgesmeister i Narvik. Ho er best i utfor, super-G og slalåm. Sundag tok ho sitt femte NM-gull.

Etter NM-gull i både utfor og super-G tidlegare i veka kom det tredje gullet sundag. Geilo-jenta leia før andre og avgjerande omgang. Ho enda opp med å slå Kristine Gjelsten Haugen med 1,21 sekund, og bronsevinnar Marte Berg Edseth med over to sekund.

– Eg tenkte ikkje at det skulle bli tre gull, seier ei lykkeleg Tviberg til NRK etterpå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Før NM trudde eg ikkje på gull i det heile tatt. Dei andre jentene er i så god form, eg trudde ikkje eg skulle kunne måle meg med dei. Dette er langt utanfor det eg hadde venta. Eg er mållaus, sa ho, også litt overraska. For det er ikkje slalåm som er hennar disiplin.

– Slalåm er noko eg ikkje trenar på, men som eg har lyst til å vere god i. Tenk å få det til i dag mot jenter som trenar slalåm heile tida, sa ho til NRK.

NRK-kommentator Kjetil André Aamodt kommenterte prestasjonen slik:

– Det som skil henne frå resten i dag, var at ho maktar å halde ein stabil posisjon heile tida.

Det var berre 16 av 35 startande som fullførte rennet.