Blir Jesper Taaje Strømsgodset-spelar neste år?

TV2: Denne klubben vil punge ut millionar for å sikre seg Taaje

Ifølge TV2 skal Strømsgodset ha kasta seg inn i kampen om Jesper Taaje.

Kanalen melde i helga at hemsedølen kan vere på veg vekk frå Sandefjord.

Han har tidlegare blitt linka til Tromsø, men TV2 meiner å vite at det er Strømsgodset som no har 26-åringen på blokka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Taaje har eitt år att av kontrakten med Sandefjord, og Godset må dermed punge ut om dei skal sikre underskrifta hans.

Det skal dei ifølgje TV2 vere villig til.

I så fall vil han få ein sjef han kjenner godt. Strømsgodset-trenar Jørgen Isnes var trenar i KFUM då Taaje var der.

Hemsedølen har hatt ein sterk sesong i Sandefjord, og markert seg som ein av dei betre stopparane i norsk eliteserie dei siste åra.

Klubben kjempa denne hausten hardt for å unngå nedrykk, og berga plassen heilt på tampen av sesongen.