Parwiz Rezai bur på asylmottaket i Gol og speler fotball på Hallingmo kvar onsdag.
Parwiz Rezai bur på asylmottaket i Gol og speler fotball på Hallingmo kvar onsdag.

Trening for integrering

Kvar veke arrangerer Hallingdal FK fotballtrening for asylsøkarar i Gol, Hol og Hemsedal.

Fotball: – Ok gutar, skal me starte? To og to saman, éin ball.

Trenar Pavel Kaczorowski gir instruksjonar til dei åtte karane som har kome frå asylmottaket i Gol til Hallingmo denne grå oktoberdagen. Kommunikasjonen foregår først og fremst på norsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokon kan litt norsk, og fleire kan engelsk. I starten brukte me ein av dei som kunne best norsk som tolk, men no flyt det fint, forklarar HFK-trenar Jan-Eirik «Jansen» Thorberg på sidelina.

Ivrige

Kvar onsdag klokka ti, gjennom heile hausten, har dei møtt opp. Fotballtreningane er ein del av eit integreringsprosjekt i regi av Hallingdal FK.

– Mange er veldig ivrige, sjølv om det no har blitt kaldare vêr. Me håpar å få flytta treningane innandørs frå no av, fortel Thorberg.

Rahmad Ullah Sherzad er nøgd med tilbodet om fotballtrening.
Rahmad Ullah Sherzad er nøgd med tilbodet om fotballtrening.
Parwiz Rezai og Rahmad Ullah Sherzad bur på asylmottaket i Gol og speler fotball på Hallingmo kvar onsdag. Trenarar er Pavel Kaczorowski og Paul Olav Brevig.
Parwiz Rezai og Rahmad Ullah Sherzad bur på asylmottaket i Gol og speler fotball på Hallingmo kvar onsdag. Trenarar er Pavel Kaczorowski og Paul Olav Brevig.
Klart for fotballtrening.
Klart for fotballtrening.

Gjennom prosjektet kjenner asylsøkarane at dei høyrer til.

– Fleire av dei som er med og trenar her kjem også for å sjå kampane til HFK, seier Thorberg.

Møter opp kvar onsdag

Rahmad Ullah Sherzad kom til mottaket i Gol for tre månader sidan. I to månader har han møtt opp på Hallingmo kvar onsdag.

– Det er veldig bra med trening og trenarane er flinke, seier han.

Sherzad har vore eitt år i Norge. Før han kom til Gol budde han på mottak i Modum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der var det også eit tilbod om fotball. Eg likar å vere i aktivitet, smiler han og speler den gule ballen til ein av dei andre karane.

Hemsedal og Hol

HFK arrangerer fotballtrening for asylsøkarar i Gol, Hol og Hemsedal. Det er Kaczorowski og Paul Olav Brevig som køyrer treningane i Gol. I Hemsedal og Hol er det Brevig åleine som er ansvarleg.

– Dei hadde nok venta lenge på eit slik opplegg, for det er veldig populært, seier Brevig.

Han bur sjølv i Hemsedal og køyrer heile den lange vegen til Hol for å halde treningar der.

– Det er langt, men veldig moro når dei er så gira, fortel han.

Turnering for integrering

Fotballtreningane er det første integreringsprosjektet HFK arrangerer. Men erfaringane er gode og håpet er å halde fram.

– Me prøver å lage eit ordentleg opplegg, så me har nokon av våre beste trenarar på jobben, seier Thorberg.

Prosjektet har fått støtte frå mellom anna Gol og Hemsedal kommunar, Sparebank 1 og UDI. Laurdag 5. november skal det arrangerast ei turnering for integrering på Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der skal denne gjengen stille eit par lag, og så kjem gutane frå Hemsedal og Hol også. I tillegg vil vaksenopplæringa og fleire andre som stiller lag. Det blir ei turnering der det viktigaste er å delta, fortel Thorberg.

Han oppfordrar fleire til å stille lag.

– Det er berre å ta kontakt med oss og hive seg med, smiler han.