annonse

Tredjeplass i sitt fyrste Finnmarksløp

I toppen
I toppen: Andre Bjørnstad vart nummer tre i årets Finnmarksløpet 500 km. (Foto: Wenche Werner/Finnmarksløpet)
I toppen
I toppen: Andre Bjørnstadi aksjon. Biletet er frå Femundløpet 2018. (Foto: Arkiv)

Andre Fjørtoft Bjørnstad (27) debuterte i Finnmarksløpet med ein sterk tredjeplass på 500 km.

Sindre Thoresen Lønnes

Tysdag morgon, klokka 06.30, køyrde skurdølen i mål i Alta. Bjørnstad låg som nummer tre store delar av løpet, og denne plasseringa vart det også til slutt.

Aller raskast var 19 år gamle Hanna Lyrek. Ho passerte Harald Tunheim (60) på siste etappen mellom Jotka og Alta. I mål var det berre 12 minutt som skilde dei to.

Lyrek køyrde i mål i Alta klokka 04.45.

Skurdalen dominerer

Bak dei tre beste kom Emma Lockhard (34) frå Skurdalen. Også ho debuterte i Finmarksløpet, og litt over klokka sju tysdag morgon køyrde ho inn til ein sterk fjerdeplass. Skurdalen kan dermed smykke seg med 3.- og 4. plass i årets 500 km i Finnmarksløpet.

Andre Fjørtoft Bjørnstad køyrde i mål med fem hundar. Lockhart hadde sju.

Lokale deltakarar

Ein annan lokal deltakar, Maren Lindahl (25) frå Øygardsgrend, køyrde i mål tysdag klokka 14.19. Det heldt til ein 16.-plass for debutanten i Finnmarksløpet.

Mads Leiddal (38) frå Ål enda til slutt på 20.-plass. Han kom i mål i Alta tysdag klokka 16.22.

1200 km

I Finnmarksløpet 1200 km ligg Ivar Johan Sørli (40) frå Skurdalen på ein 24.-plass tysdag ettermiddag. Han var ved 18-tida tysdag inne på sjekkpunkt Neiden. Det er fyrste gongen han er med i 1200-kilometeren i Finnmarksløpet.

– Utfordringa er å prøve seg i eit så langt løp, sa han før start.

annonse