Sunneva Syversrud sette inn det fjerde og avgjerande målet mot Modum. Det vart 4–3 til HFK og eit steg nærmare 3. divisjon.
Sunneva Syversrud sette inn det fjerde og avgjerande målet mot Modum. Det vart 4–3 til HFK og eit steg nærmare 3. divisjon.

Tredje sigeren på rad

No snuser HFK-damene på 3. divisjon. Laurdag vann dei kampen mot Modum på heimebane.

Det pur unge damelaget til HFK synte kva dei er laga av laurdag. Dei spelte inn tredje sigeren på rad i kampen mot Modum. Laget HFK tapte mot dette laget siste dei spelte mot dei.

Kampen på Hallingmo laurdag starta med mål til HFK etter berre sju minutt. Camilla Jensen sørgde for det. Dessverre utlikna Modum berre nokre få minutt etterpå. Og eit minutt før pause fekk Modum inn eit mål til. Fyrste omgang enda med 2–1 til Modum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dykk speler godt. Dette skal me ordne opp i, sa trenar Helge Jensen til jentene i pausen.

Snudde kampen

Fem minutt ut i 2. omgang fekk HFK inn eit mål i Modum sitt nett. Uavgjort. Men motstandarane følgde på og fekk inn enda eit mål. Då det var berre ti minutt att av kampen utlikna HFK. Og i siste minuttet fekk dei inn enda eit mål. Kampen enda 4–3 til HFK-damene.

– No er me veldig, veldig nøgd. Dette hadde me ikkje trudd dei skulle klare. Men dei snudde kampen, sa Helge Jensen etter kampen. Han la til at jentene spelte veldig bra og det vart ein spennande kamp.

Det vart siger for HFK i kampen mot Modum laurdag.
Det vart siger for HFK i kampen mot Modum laurdag.

– Dei fortente denne sigeren, påpeikte han.

Stolt trenar

– Kva betyr dette for HFK no?

– Me har ein kamp att. Mot Åssiden. Me må slå dei for å rykkje opp til 3. divisjon. Men siger mot Modum var eit skikkeleg løft for jentene. Og Åssiden bør dei slå, seier Jensen. Han er stolt over det unge damelaget.

Camilla N. Jensen fekk inn det 3. laget til HFK og Sunneiv Syversrud scora det fjerde og siste. Berre ein avgjerande kamp står no att. Dato er ikkje sett. Men den blir på heimebane.